Hør andakten 29/11.
Tidligere andakter
God morgon, i den fyrste adventveka. Eg tenner adventlyset. Det kan bli for mykje lovsong. Gud toler det godt. Same kor vakkert og kor lenge og kor djupt menneske malar han i tonar og ord, rørsler og tankar, så blir det aldri å smøra for tjukt på. I Salme 113 i Det gamle testamentet står det: "Frå solrenning til soleglad skal Herrens namn vera lova." (v. 3).
Petter Dass, når han skal forklara kva "lat namnet ditt helgast" betyr, han slår fast at "Gud er Gud om alle mann var døde". Gud er sjølvlysande. Han strålar, òg utan at me peikar på han med våre lykter. Det er ikkje Gud som kan få for mykje lovsong. Men me.
Ikkje for det: Å vera ein del av eit fellesskap som lovprisar Gud, det kan vera oppløftande. Omtrent som når heimelaget vinn til slutt i ein strabasiøs fotballkamp. Eller ei svær forsamling kjenner felles puls i ein Bach-konsert, eller til ein saftig rheinlender. Eller rock.
Det er mange måtar å føla "halleluja" på. Må ikkje det vera greitt, då? At nokon kjenner livsglede og fellesskap i musikk eller idrett, andre i kristelege forsamlingar?
Det blir ugreitt dersom lovsongen blir dop som gjer oss blinde for verda omkring. For meir enn ti år sidan møtte eg ein av prestane i Tomaskyrkja i sentrum av Leipzig. Det var der Johann Sebastian Bach var organist den lengste tida. Leipzig ligg i det som var Aust-Tyskland. I kommunisttida la styresmaktene stadig hindringar i vegen for kyrkja.
- Kva gjer de nå, nå når kommunistane ikkje lenger gjer det vanskeleg for kyrkja? spurde eg. - Berre to ting, svara presten. - Me lovprisar Gud, så vakkert og skikkeleg som me greier, fyrst og fremst med Bach sin musikk. Og så prøver me å vera eit synleg teikn på Guds nåde, ved å servera mat til slike som ikkje greier seg i samfunnet.
Nedi kjellaren bak i kyrkja sleppte dei inn minstepensjonistar, narkomane, alkoholikarar, og andre som ikkje hadde noka høg stjerne. Det lukta der bak. Å vera ei sann kyrkje, det krev berre desse to tinga av oss. Rett lovsong. Og å herma etter Jesus sin måte å vera på, på ein radikal måte. Salme 113, den om Herrens namn som skal vera lova, den har eit framhald: "Han reiser dei ringe or støvet, lyfter dei fattige or oska og sessar dei saman med stormenn". (v. 7).
Vil du skrive e-post til Jon Ådnøy, kan du gjere det her.
* * * *
Vi høyrer Elisabeth Ødegård Widmer, Martha Svendsen og Hans-Erik Groth syngje "Jeg vil gi deg, å Herre, min lovsang".