Hør andakten 28/11.
Tidligere andakter
God morgon - og godt nytt kyrkjeår! Det begynte i går, med første søndag i advent, og eg markerer det med eit lite adventlys. Nå begynner nedteljinga mot jul. Dei bibeltekstane som kyrkja alltid har lese vekene før jul, handlar om to ting: Å stikka fingeren i jorda og sjå kor eg er. Og om å løfta blikket, få auga på horisonten. Kor er eg? Kor skal eg hen?
Derfor er det to perspektiv som gjeld i advent: Å ta ei opprydding, og å halda høgt håpet som har med Jesus å gjera. Det var då litt av eit sprik, meiner nokon. Enten er du jordnær. Eller så er du himmelvend. Me har ein tendens til å laga større avstand mellom himmel og jord enn iallfall Jesu gjer.
Bibelteksten for denne dagen er om Jesus som nettopp har ridd inn i Jerusalem. Der er han tatt imot som ein konge. Han står på terskelen til den siste veka i livet sitt. Herifrå og ut er det ikkje rom for bagatellar.
Nå er det konsentrasjon om det vesentlege. I Matteusevangeliet står det i kapittel 21: - Så gjekk Jesus inn på tempelplassen og dreiv ut alle som selde og kjøpte der. Han velte borda til pengevekslarane og benkene til dei som selde duer, og sa til dei: Det står skrive: Mitt hus skal kallast eit bønehus. Men de gjer det til ei røvarhole.
Milde Jesus! Må han overdriva slik? Kunne han ikkje gått i dialog med forretningsstanden på Tempelplassen? Prøvd å finna fram til eit kompromiss, så det hadde blitt plass for både børs og katedral? Kunne han ikkje konsentrert seg om det åndelege, i staden for å bli så provosert av litt realøkonomi? Me gjer oss mange tankar om kva Jesus kunne og burde, ingen kan nekta oss det. Men han gjorde som han gjorde, utan å spørja oss fyrst. Jesus sin aksjon utfordrar oss på det fyrste bodet: "Du skal ikkje ha andre gudar enn meg."
Han gjer det ikkje med å setja fingeren på det me tenkjer på som sjelelivet, ikkje på åndelege kjensler. Men på pengepungen. Kva er fastpunktet som eg orienterar livet mitt ut ifrå? Kva er min livshorisont? Vil eg pengane - eller livet? [object]God morgon - og godt nytt kyrkjeår! [object]Det begynte i går, med første søndag i advent, og eg markerer det med eit lite adventlys. [object]Nå begynner nedteljinga mot jul.
Dei bibeltekstane som kyrkja alltid har lese vekene før jul, handlar om to ting: Å stikka fingeren i jorda og sjå kor eg er. Og om å løfta blikket, få auga på horisonten. Kor er eg? Kor skal eg hen? [object]Derfor er det to perspektiv som gjeld i advent: Å ta ei opprydding, og å halda høgt håpet som har med Jesus å gjera. [object]Det var då litt av eit sprik, meiner nokon. Enten er du jordnær. Eller så er du himmelvend.
Me har ein tendens til å laga større avstand mellom himmel og jord enn iallfall Jesu gjer. Bibelteksten for denne dagen er om Jesus som nettopp har ridd inn i Jerusalem. Der er han tatt imot som ein konge. Han står på terskelen til den siste veka i livet sitt. Herifrå og ut er det ikkje rom for bagatellar. Nå er det konsentrasjon om det vesentlege.
I Matteusevangeliet står det i kapittel 21: - Så gjekk Jesus inn på tempelplassen og dreiv ut alle som selde og kjøpte der. Han velte borda til pengevekslarane og benkene til dei som selde duer, og sa til dei: Det står skrive: Mitt hus skal kallast eit bønehus. Men de gjer det til ei røvarhole.
Milde Jesus! Må han overdriva slik? Kunne han ikkje gått i dialog med forretningsstanden på Tempelplassen? Prøvd å finna fram til eit kompromiss, så det hadde blitt plass for både børs og katedral? Kunne han ikkje konsentrert seg om det åndelege, i staden for å bli så provosert av litt realøkonomi? Me gjer oss mange tankar om kva Jesus kunne og burde, ingen kan nekta oss det.
Men han gjorde som han gjorde, utan å spørja oss fyrst. Jesus sin aksjon utfordrar oss på det fyrste bodet: "Du skal ikkje ha andre gudar enn meg." Han gjer det ikkje med å setja fingeren på det me tenkjer på som sjelelivet, ikkje på åndelege kjensler. Men på pengepungen. [object]Kva er fastpunktet som eg orienterar livet mitt ut ifrå? Kva er min livshorisont? Vil eg pengane - eller livet?
Vil du skrive e-post til Jon Ådnøy, kan du gjere det her.
* * * *
Vi høyrer gruppa Vadested med den skotske songen "En av oss".