p1 Andakten 3_1
Her er du: NRK.no > Programmer > Radio > Andakten Sist oppdatert 13:17
 

Lytt etter Guds vilje

Guds ord og bod kan leia oss bort frå noko og til noko anna, som er betre. Ein annan stad i Salme 119 seier salmesongaren at Guds ord ”er ei lykt for min fot og eit ljos på min stig”. Vi kan låna ord frå den eldgamle salmen, seier Vigdis Berland Øystese.

Publisert 28.09.2005 06:00.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Hjelp | Mer lyd og video
ALT OM:

Teksten er henta frå Salme 119, 65-72.

Ein sundag for kort tid sidan var eg på gudsteneste i ei kyrkje fullstappa med ungdom. Dei stod i kø i lange rekkjer for å få nattverd, dei reiste seg og song lovsongar av full hals; mange løfta hendene i vêret og lukka augo medan dei song:

Å majestet, eg bøyer kne, eg legg mitt alt, mi ære ned. I opphøgd prakt går ei min veg; mitt liv for deg, min majestet.

Desse unge har funne glede i å lytta etter Guds ord og vilje. Dei gir til kjenne gjennom enkle ord i lovsongen at dei har ein herre i livet sitt som dei ønskjer å høyra på og retta seg etter. Dei kallar Gud for majestet og konge, dei takkar han for hans kjærleik, og ønskjer å leggja livet sitt i hans hender og følgja han.

Alle som opplever at det er tomt i kyrkjebenkane og at gjennomsnittsalderen i kyrkjelyden er vel høg, skulle opplevd ei slik gudsteneste, det kan verka oppmuntrande på den som slit med visse former for kyrkjelege depresjonar.

Salme 119, som er den lengste i Det gamle testamentet, handlar om Guds ord og bod. Salmediktaren har funne glede i å lytta etter Guds ord og vilje. Han har vore hard og stolt, men no har han innsett at det er rett og godt å halda seg til Guds ord:

Herre, etter ditt ord har du gjort vel mot din tenar. Gjev meg kunnskap og godt vit, for eg trur på dine bod!

Før eg var audmykt, fór eg vilt, men no held eg meg til ditt ord. God er du, og godt gjer du. Lær meg dine føreskrifter! For meg er lova som du forkynner, betre enn tusen stykke gull og sølv.

Guds ord og bod kan leia oss bort frå noko og til noko anna, som er betre. Ein annan stad i Salme 119 seier salmesongaren at Guds ord ”er ei lykt for min fot og eit ljos på min stig”. Vi kan låna ord frå den eldgamle salmen, eller vi kan syngja i lag med ungdomane. Men formålet med Guds ord er til alle tider det same: Å leia mennesket til det som er godt, å føra det til Gud, han som er Herre og majestet, han som er god og gjer godt.

Vil du skrive e-post til Vigdis Berland Øystese, kan du gjere det her.

* * * *

Vi høyrer gruppa Rav som speler ”Lys for min fot”.


Siste saker:

SISTE ANDAKTER

Flere andakter (arkiv fra 2001 fram til i dag)

 

Nettradio

Morgenandakt i opptak

10 SISTE ANDAKTER
Flere andakter
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no