p1 Andakten 3_1
Her er du: NRK.no > Programmer > Radio > Andakten Sist oppdatert 13:17
 

Ta ikkje identiteten frå folk

Dessverre er det ennå dei som opplever at det ikkje er berre kjekt å komma ny i klassen, ny på jobben. Ein føler seg fort litt på sidelinja, når alle andre kjenner kvarandre. Ein kan ikkje terminologien. Dei som har språket, har makta.

Publisert 09.08.2005 06:00.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Hjelp | Mer lyd og video
ALT OM:

Teksten er henta frå Apostelgjerningane 2, 5-13.

I dag er det FN sin internasjonale dag for urfolk.

Det er august, og mange begynner på ny skule. Ein heil del står framføre ny jobb. Dei veit noko om å kvi seg.

Eg kan eg kjenna dette suget nedi magen. Timane etter midnatt der eg snur meg i senga og prøver å finna kvile. Men når tankar og kjensler romsterer slik inni meg er det ikkje lett å sovna.

Kva er eg redd for? Mon eg ikkje har arva eit fellesmenneskeleg minne, bygt opp gjennom generasjonars beiske erfaring: Det nye og framande er risikabelt! Du kan ikkje vita korleis det går!

Dessverre er det ennå dei som opplever at det ikkje er berre kjekt å komma ny i klassen, ny på jobben. Ein føler seg fort litt på sidelinja, når alle andre kjenner kvarandre. Veit kva som er noko. Når ein skal le, og kva ein ikkje skal bry seg oim. Ikkje minst: Kan terminologien. Dei som har språket, har makta.

Difor er det eit effektivt maktmiddel å gjera narr av andre sin dialekt. Det kan såra langt ned i sjela. Endå meir ekstremt er det å ta språket frå folk.

I norskdomen sin mest brautande periode fekk dei styrande det for seg at samar og kvænar ikkje fekk bruka sine eigne tungemål utanfor heimen. Dei måtte versågod læra seg norsk. Tilsvarande har skjedd mange stader i verda. Slik har ikkje minst urfolk fått ein vond beskjed frå storsamfunnet om at dei er uvedkommande i sitt eige land.

I forteljinga i Bibelen om pinseunderet er lista opp menneske frå heile Middelhavsområdet som er samla i Jerusalem. Så kjem Den Heilage Anden over disiplane, og dei begynner å fortelja om Jesus. Då blir alle desse tilreisande ”heilt rådville”, står det. Ikkje over bruset frå himmelen, ”som når ein sterk vind fer fram”. Ikkje eingong over eldtungene, som set seg på kvar av læresveinane. Nei, det som gjer sterkast inntrykk, er dette: ”kvar høyrde at dei tala på hans eige mål”.

Dei trudde dei var på bortebane, og så kjenner dei seg møtte - heime.

Somme kan bruka liknande ord om det å tru: Det handlar om å skifta rolle, frå å stå på sidelinja og vera tilskodar, til å bli sett. At eg, som trudde eg var uvedkommande, kjenner varmen frå Herrens andlet som lyser over meg.

Vil du skrive e-post til Jon Ådnøy, kan du gjere det her.

* * * *

Vi høyrer saksofonisten Tore Ljøkjel spele Göte Strandsjö sin melodi ”Som når et barn kommer hjem om kvelden”.


Siste saker:

SISTE ANDAKTER

Flere andakter (arkiv fra 2001 fram til i dag)

 

Nettradio

Morgenandakt i opptak

10 SISTE ANDAKTER
Flere andakter
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no