p1 Andakten 3_1
Her er du: NRK.no > Programmer > Radio > Andakten Sist oppdatert 13:17
 

Den lysaste dagen

For mange av oss er dagen eit før og eit etter, for i dag snur sola. Vi trur liksom at no kjem mørketida igjen med stor fart, sjølv om sommaren faktisk ligg ganske blank framfor oss- i mange dagar enno, slår Ragnhild Jepsen fast!

Publisert 21.06.2005 06:00.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Hjelp | Mer lyd og video
ALT OM:

Teksten her henta frå Rom. 14, 1-6.

Denne dagen er ikkje som alle andre dagar! Det er dagen då sola snur.

For mange av oss er dagen eit før og eit etter: Vi trur liksom at no kjem mørketida igjen med stor fart, sjølv om sommaren faktisk ligg ganske blank framfor oss enno! Og så blir dagen litt trist sjølv om den er den lysaste av alle dagar.

Men kanskje nokre synes det er godt å tenke slik? - At det blir godt når det kjem dagar som er gode å gøyme seg i. Lyset er krevjande på den måten at alt blir så tydeleg.

Bibelteksten denne dagen synes eg gjev oss frimodighet til å vere ulike!

For vi er jo det. Og Guds ord seier at det skal vi også få vere:

Paulus skreiv til kyrkjelyden i Roma:

Ta imot den som er veik i trua utan å gjera dykk til domarar over tankane hans. Éin har tru til å eta alt, den veike et berre grønsaker. Den som et alt, skal ikkje sjå ned på den som ikkje gjer det. Og den som lét vera å eta, skal ikkje døma den som gjer det. For Gud har teke imot han.

Den eine gjer skil på dagane; den andre held alle dagar for like. Men kvar skal vera like overtydd om sitt eige syn. …….

Han gjer det for Herren og takkar Gud.

Vi treng visst ei påminning, nokon og einkvar av oss, til å sjå det som er vesentleg i livet! Det er så lett å sjå på dei andre; samanlikne, vurdere, - ja, til og med kanskje kritisere. Men det er ikkje vår oppgåve å døme kvarandre.

Gud har teke imot oss. Då er vi jo i Guds hender!

Det betyr ikkje at livet vi lever er likegyldig; korkje for kvarandre eller for Gud.

Det betyr heller ikkje at vi skal la være å bry oss om våre medmenneske.

Det er akkurat det motsette vi skal gjere: Vi har ulike vegar å vandre. Vi skal hjelpe kvarandre til å finne fram på dei vegane, slik at livet vårt blir heilt.

Vi skal hjelpe kvarandre å finne fram til Gud.

Denne dagen er ikkje som alle dagar. Det er den lysaste dagen i året. Det som bind oss saman denne dagen, - og alle dagar – er at vi skal leve den til ære for Gud.

Vil du skrive e-post til Ragnhild Jepsen, kan du gjøre det her.

* * * *

Vi høyrer Bodil Arnesen syngje ”Jeg vil gi deg, O Herre, min lovsang”.


Siste saker:

SISTE ANDAKTER

Flere andakter (arkiv fra 2001 fram til i dag)

 

Nettradio

Morgenandakt i opptak

10 SISTE ANDAKTER
Flere andakter
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no