p1 Andakten 3_1
Her er du: NRK.no > Programmer > Radio > Andakten Sist oppdatert 13:17
 

Nådegaver

Bibelen nevner mellom 20 og 30 ulike nådegaver. Det betyr at det er meir enn 20 gaver eg ikkje har. Det gjer at eg kan slappe av fra forventningar, - eg treng ikkje føle meg på eit B-lag om eg ikkje har dei litt spesielle nådegavene, seier Helge Standal.

Publisert 20.05.2005 06:00. Oppdatert 23.05.2005 07:48.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Hjelp | Mer lyd og video
ALT OM:

Teksten er henta frå 1. Kor. 12, 4-11.

Nådegaver er eit ord som kan gi negative tankar. Då eg vaks opp knytta eg det ordet til litt skumle ting som: Tungetale, profeti, helbredelse ved bønn osv. I tillegg til det, så følte eg at dei menneska som hadde slike gaver var meir åndelege enn meg, dei tilhørte eit slags A-lag, mens eg som ikkje hadde slike gaver var på B-laget.

Kanskje du har noko av den samme erfaringa, eller du har problem med ordet nådegave. I så fall er du ikkje åleine. Dette med nådegaver har vore lite snakka om i norske kyrkjelydar, og eg leste ei undersøkjing som fortalde at i ein vanlig kyrkjelyd vil 4 av 5 personar ikkje vite kva slags nådegave dei har, eller i det heile tatt vite noko om nådegaver. Men samtidig er Bibelen opptatt av nådegaver, og han er tydeleg på at vi skal kunne vite kva slags nådegaver vi har fått.

Nådegaver er viktig, for det handlar om at Gud ynskjer å gi oss gode gaver. Han ynskjer å bruke oss i teneste for seg, til å spre si velsigning. Men han gir oss ikkje berre oppgaver, han gir oss si hjelp, si utrustning, gjennom desse gavene.

Og nådegavene er viktig, fordi det handler om at du er unik. Bibelteksten for denne dagen sei at der er forskjellige gaver og der er forskjellige tenester. Bibelen nevner mellom 20 og 30 ulike nådegaver. Det betyr for min del at det må vere meir enn 20 gaver eg ikkje har. Det gjer at eg kan slappe av fra forventningar, eg treng ikkje føle at eg skal gjere alt eller kunne alt. Og eg treng ikkje føle meg på eit B-lag fordi om eg ikkje har dei litt spesielle nådegavene.

Vi skal få sleppe å sammenligne oss med andre. For nokre år sidan var eg i Talje kyrkje i Rogaland. Den er bygd i 1150 og har ei altertavle frå 1624. Kunstnaren har skrive ein signatur: ”Envher som fryder sine øyne over den malte tavle, og skjelner at ikke alt er gjort av en mesters hånd; han vite at ingen jordboer er uten sine feil, og at aldri alle formår alt. Hvis noen spør, så har Gotfried Hentschel fra Schlesien også malt denne.”

Og Gotfried har rett: det er aldri slik at alle kan alt. Der er mange ting eg ikkje kan. Men sammen utfyller vi kvarandre. Bibelen sin bodskap om nådegaver er ein god bodskap. Gud ynskjer å bruke deg, og han gir deg sine gaver til hjelp. Finn ut kva slags gaver Gud har gitt deg, og ta dei i bruk, til velsigning for andre menneske.

* * * *

Vi høyrer Glenn Gulli syngje sin eigen ”Be så skal du få”.


Siste saker:

SISTE ANDAKTER

Flere andakter (arkiv fra 2001 fram til i dag)

 

Nettradio

Morgenandakt i opptak

10 SISTE ANDAKTER
Flere andakter
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no