p1 Andakten 3_1
Her er du: NRK.no > Programmer > Radio > Andakten Sist oppdatert 13:17
 

Gud bur hos oss

Den Ande som var til stades då verda blei skapt, var tilstades då Jesus gjorde sine under. Gud vil renne den same Ande ut over alle menneske. Det betyr at den er tilgjengeleg for oss. For meg er dette gode nyheter, for eg treng hans kraft, glede og liv, seier Helge Standal.

Publisert 18.05.2005 06:00.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Hjelp | Mer lyd og video
ALT OM:

Teksten er henta frå Joel 3, 1-5a.

For tre veker sidan var eg i Las Vegas. Eg har aldri vore der før, og eg hadde sett fram til å ta den turen. For eg hadde høyrt så mykje, Las Vegas er jo forlystelses-hovedstaden i verda. Så eg var litt spent, korleis ville det bli å komme dit? Ytre sett er det ein imponerende by, med flotte lys, enorme bygningar, luksus, farger og fontener. Men vi to som var der gjekk omkring med ein stadig aukande følelse av uro, av at noko var galt.

Det var vanskelig å sette fingeren på det, kvifor følte vi at dette var så falskt? For meg blei det klart då vi var inne på eit kasino og såg litt på det som foregjekk der. Eg såg på ansikta til dei som satt og spelte, ved ”Enarma banditter”, rulettbord eller Black Jack, og det slo meg: Dei kjeder seg. Eg såg ei stund på ein mann som kasta 100-dollarsetlar inn på rulettbordet, han tapte litt, vann litt, tapte igjen, og det såg ut som om han kjeda seg. Og vi tenkte: her i verdens forlystelses-hovedstad verkar det som om gleda manglar.

For eit par dager siden var det pinse, ei høgtid mange ikkje har noko forhold til. Men pinse handlar om liv, glede, engasjement og kraft, akkurat det motsatte av det eg opplevde i Las Vegas. For pinse handler om at Guds kraft og Guds liv er tilgjengeleg for oss, i våre liv. Pinse er oppfyllinga av Guds løfte frå dagens bibeltekst: ”Ein gong skal det henda at eg renner ut min Ande over alle menneske”.

Den Ande som var til stades då verda blei skapt, som var tilstades då Jesus gjorde sine under, den Ande som forandra disiplane frå å vere redde og feige til å bli frimodige og uredde menneske.

Denne samme Ande, sei Gud, vil eg renne ut over alle menneske. Det betyr at den er tilgjengeleg for oss, Gud kan bo i oss.

For meg er dette gode nyheter, for eg treng hans kraft, eg treng hans nærvær, eg treng hans glede og liv. Eg treng Gud i min kvardag.

Korleis skjer det? Jesus sa det veldig enkelt: Be, så skal de få. Og så fortsetter han med å sei at ingen foreldre vil vel gi ungen sin ein orm når han ber om ein fisk. Kor mykje meir, sei Jesus, skal ikkje då Faderen gje Den heilage Ande frå himmelen til dei som ber han.

Pinse er den gode bodskapen om at Gud ynskjer å bli invitert inn i våre liv for å bo der.

Vil du skrive e-post til Helge Standal, kan du gjøre det her.

Vi høyrer Povl Dising syngje, Iver Kleive og Knut Reiersrud spele - og vi høyrer pinsesalmen ”I all sin glans nu stråler solen”.


Siste saker:

SISTE ANDAKTER

Flere andakter (arkiv fra 2001 fram til i dag)

 

Nettradio

Morgenandakt i opptak

10 SISTE ANDAKTER
Flere andakter
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no