Guds namn er ”Eg er”. Han er den som er i alt som er. Han er kjerna i verkelegdommen. Og inst inne i han, det vil seie, inst inne i verkelegdommen er det Luther kalla ein bakaromn full av kjærleik. Der alt verkeleg blir fødd. Det andre: frykt, løgn, illusjon, synd, øydelegging – høyrer til det uverkelege. Det som eigentleg ikkje er, men som vi gir liv ved å praktisere det, seier Geir Gundersen.
Teksten er henta frå Salme 139, 7-12.
Det finst ikkje frykt i kjærleiken. Den fullkomne kjærleiken driv frykta ut. Ein gong til: Det finst ikkje frykt i kjærleiken. Den fullkomne kjærleiken driv frykta ut. Skriv Johannes i sitt første brev. Vi elskar fordi han elska oss først. Let vi han elske oss, vil hjartet tømmast for frykt.
Dette livsprogrammet er heilt enkelt og heilt klart: Lat Gud elske deg og bli fryktlaus. Kva er den store tanken her? At det ikkje er mennesket si oppgåve å mobilisere eit heltemot, men å øve seg i openheit for kjærleiken. Det er den øvinga, den askesen som kan drive frykta ut av hjartet: å opne seg for den fullkomne kjærleiken som er Gud.
Slik må det vere. For Guds namn er ”Eg er”. Han er den som er i alt som er. Han er kjerna i verkelegdommen. Og inst inne i han, det vil seie, inst inne i verkelegdommen er det Luther kalla ein bakaromn full av kjærleik. Der alt verkeleg blir fødd. Det andre: frykt, løgn, illusjon, synd, øydelegging – høyrer til det uverkelege. Det som eigentleg ikkje er, men som vi gir liv ved å praktisere det.
Det finst eit vakkert ekko av Johannes sine tankar i det forordet Wilfrid Stinissen skriv i boka si: Vandring till sanningen.
”Jag är vägen, sanningen och livet” säger Jesus. Gud är sanning. Når Gud säger: ”Jag är den jag är”, uttrykker han sanningens innersta väsen.
Jag tror at den bästa andliga övningen består i att öva sig i sanning! Når vi kommer i kontakt med sanningen kommer vi oundvikligen i kontakt med Gud.
Ju sannare vi blir, desto mer närmar vi oss honom."
Den beste åndelege øving: å øve seg i sanning, å øve seg i kontakt med verkelegdommen, å gå inn i den til den opnar si kjerne: kjærleiken som driv frykta ut.
Av erfaring veit eg at dette er det verdt å satse livet på. Slik han syng om det, salmisten i Salme 139:
Kvar skal eg fara frå din Ande, kvar skal eg røma frå ditt åsyn? Fer eg opp til himmelen, så er du der, og reier eg lege i dødsriket, så er du der og.
Og seier eg:
”Lat mørkret løyna meg og ljoset omkring meg verta natt”, så er ikkje mørkret for mørkt for deg, og natta er ljos som dagen, ja, mørkret er som ljoset. For du har skapt mitt indre, du har vove meg i mors liv."
Vil du skrive e-post til Geir Gundersen, kan du gjøre det her.
* * * *
Vi høyrer Elias Akselsen syngje ”Jeg er på vandring gjennom livet”.