p1 Andakten 3_1
Her er du: NRK.no > Programmer > Radio > Andakten Sist oppdatert 13:17
 

Han måtte døy

Vi kvir oss for å møta lidinga. Vi vemmer oss framfor menneskeleg øydelegging og død. Og så stig Gud inn i lidinga og døden og gjer seg til eitt med oss også der. Det ligg meir håp og kraft i denne smerta enn i noka anna. Guds liding på jorda hadde eit formål, seier Vigdis Berland Øystese.

Publisert 23.03.2005 05:00.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Hjelp | Mer lyd og video
ALT OM:

Teksten er henta frå Jes. 52, 13-15.

Vi var nokre ungar som sat og lo og tøysa på ei låvebru ein vakker solskinsdag i påskeveka. Då kom han onkel Lars bort til oss. Onkel Lars var slik ein venleg og snill mann, men no var han svært alvorleg.

-Sit de her og ler, sa han. -Veit de ikkje kva for ein dag det er i dag? Veit de ikkje at det er den dagen då Jesus døydde.

Det var langfredag; vi hadde ikkje tenkt på det. Det var ein dag for alvor og ettertanke. Ein dag for å vera stille.

Vi er midt i den stille veka; ei veke som for mange er fylt med travle gjeremål og stor halloi. Den stille veka er blitt slitsam og støyande for mange, onsdagen er ein dag for å avslutta viktige prosjekt på jobben, pakka og reisa.

På denne dagen møter Bibelen oss med eit glimt av smertens mann, Herrens lidande tenar.

Profeten Jesaja fortel om han som ingen orka å sjå på, fordi han var så ille medfaren, så øydelagt av pine og smerte. ”Mange stokk til då dei såg han – meir skamfaren var han enn nokon mann, han såg ikkje ut som eit menneske”. Dette var mannen Gud hadde sendt for å bera menneskets sjukdomar og pinsler, og for å gi fred og oppreisning. ”Så skal mange folkeslag undrast over han”, seier profeten, ”og kongar skal lata att sin munn. For dei får sjå det som aldri vart sagt dei, uhøyrde ting vert dei vitne til”.

Det kviler eit stort alvor over Bibel-orda for den stille veka. Orda som fortel om ein Gud som ber smertens ansikt, ein Gud som ser ut slik at ingen orkar å sjå han, ein Gud som lir. Vi kvir oss for å møta lidinga. Vi vemmer oss framfor menneskeleg øydelegging og død. Og så stig Gud inn i lidinga og døden og gjer seg til eitt med oss også der.

Det ligg meir håp og kraft i denne smerta enn i noka anna. Guds liding på jorda hadde eit formål. Jesaja formulerer det slik i kap. 53:

”Sanneleg, våre sjukdomar tok han på seg,

og våre pinsler bar han...

Han vart såra for våre brot og sundbroten for våre synder. Straffa låg på han, så vi skulle ha fred, og ved hans sår har vi fått lækjedom.”

Så er det likevel mogleg å fryda seg i vårsola på ei låvebru, både for liten og stor. Alvoret i den stille veka blir fylt med ei djup glede og eit varmt håp. For Guds smertes ansikt er også Guds kjærleiks og frelses ansikt. Og vi kan venda oss mot det og møta det i tru.

Vil du skrive e-post til Vigdis Berland Øystese, kan du gjere det her.

Vi høyrer SKRUK framføre påskesalmen ”O hode, høyt forhånet”.


Siste saker:

SISTE ANDAKTER

Flere andakter (arkiv fra 2001 fram til i dag)

 

Nettradio

Morgenandakt i opptak

10 SISTE ANDAKTER
Flere andakter
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no