Teksten er henta frå Matt. 21,12-17.
Vårreingjering. Det var noko skikkelege husmødrer hadde for seg før i tida. Ein real rundvask i huset. Klare vindaugsruter i stove og kjøkken, reine og stiva gardiner, blankpussa møblar, skinande kopar og messing. Dei mest nidkjære steig opp på bord og krakkar og vaska tak og vegger, eller la seg på kne og rydda opp i inste kråa i kjøkenskåpet. Blomstrane i glaskarmen stod nøgde med ny jord i reine potter, og grønsåpelukta fylte huset.
Så kunne helga berre koma, huset var budd på høgtid.
Det er vel ikkje alle moderne familiar som prioriterer den store vårreingjeringa korkje til påske eller pinse. Men dei fleste av oss vil gjerne ha det så nokonlunde i hus og heim når det går mot helg og høgtid.
Dagens tekst fortel om Jesus som ryddar i sin fars hus. Templet kunne visst trengja ei vårreingjering før påske. Jesus er nyleg komen til Jerusalem, ydmykt ridande på eit esel, omgitt av strålande glade og ropande menneske. No verkar han sint og voldsam der han går omkring og driv ut dei som kjøper og sel. Han veltar borda til pengevekslarane og benkene til dei som sel duer. ”Det står skrive”, ropar han: ”Mitt hus skal kallast eit bønehus. Men de gjer det til ei røvarhole”.
Dueseljarane står forskremde i krokane, rasande pengevekslarar ligg på alle fire for å berga så mange myntar dei kan, somme av kremmarane tuslar kanskje skamfulle ut. Så roar det seg omkring Jesus, og då kjem dei til han, dei blinde, dei vanføre. Og han gjer dei friske. Og så kjem borna. Og dei ropar i heilagdomen, orda dei nyss har lært, orda frå Jesu triumfferd på eselet:
”Hosianna, Davids son!”
Då blir dei urolege, dei mektige menn i templet: ”Høyrer du kva dei seier?” spør dei. ”’Ja,’ svara Jesus. ’Har de aldri lese: Du har late småborn og spedborn syngja din pris!’ Så gjekk han frå dei og ut or byen, til Betania; og der var han om natta.”
Dagane hadde gått sin travle gang i templet; folk kom og gjekk, kjøpte og selde, snakka og ropte. No før påske var aktiviteten meir intens enn elles. Men så blir templet rydda og reinsa, og det blir rom for noko anna, noko som sømmer seg i eit tempel: Det blir rom for dei som søkjer hjelp hos Gud, det blir rom for bøn i bønehuset, det blir rom for borna som ropar Hosianna i heilagdomen, og det blir rom for han sjølv, Jesus, han som gir påska innhald for oss.
Vi kan ha bruk for ei vårreingjering så det blir rydda eit heilagt rom i livet vårt, eit rom for bøn; eit rom for lovsongsrop, eit rom for å søkja seg fram til Jesus, han som er sentrum for påskehøgtida.
Vil du skrive e-post til Vigdis Berland Øystese, kan du gjere det her.
* * * *
Vi høyrer Berit Opheim syngje Egil Hovlands hymne ”Hosianna, Davids sønn”.