Finst det nokon som kan sjå kva eg ber på, før eg veit det sjølv?
For lengselen og undringa vi menneske ber på, har som regel ei retning. Og enda er den ofte ordlaus.
Ei av dei vakraste forteljingane eg veit i bibelen handlar om ei kvinne som ikkje seier noko. Ho er stille med tårene sine. Og likevel fant ho Han som tok i mot henne og visste kva ho trengte: Luk 7, 36-50.
Eg ser henne så godt for meg. Kvinna som fekk gråte ved Jesu føter. Det ho har møtt, er Nåden! Og den ho har møtt er Han som er full av nåde.
Eg har tenkt på henne, der ho går vidare. Ikkje med bøygd hovud, som ho nok gjorde då ho sneik seg inn i Simons hus. Men med løfta hovud. For ho går jo med fred.
Ho er tilgitt. Ho har møtt Jesus. Lengselen hennes var ordlaus, men likevel fant ho han som kunne gje henne fred.
Nåde er eit av dei store og litt vanskelege orda. Men Jesus utviser nåde overfor kvinna i Simons hus på ein måte som gjer den forståeleg.
Han tek i mot henne og det ho gjer for han. Han skjønar at det er vanskeleg. Det er utleverande å legge seg ned ved nokons føter og gråte.
Det krev mot av oss å stille oss så nakne at nokon andre får vite korleis vi eigentleg har det.
I forteljinga om kvinna i Simons hus gjer Jesus tårene hennes til noko betydningsfullt og vakkert. Ho blir oppreist og tilgitt. Ja, ho vart møtt av han som visste kva ho trengte før ho visste det sjølv.
Nåden er at ho kan reise seg og gå vidare med retta hovud. Nåden er at Jesus tek i mot oss sjølv om vi kjem utan ord. Utan evne til å finne orda. Utan mot til å seie dei fram. Nåden er at Han vil oss vel.
Den finaste helsinga vi kan helse kvarandre med, må vel vere den vi har lært frå bibelens ord:
Nåde vere med dykk, og fred frå Gud vår Far og Herren Jesus Kristus. Amen.
Vil du skrive e-post til Ragnhild Jepsen, kan du gjøre det her.
Vi hører Herborg Kråkevik synge Arne Garborgs ”Bøn”.