Teksten er henta frå Luk. 12, 35-40.
Vakne opp, ver vaken, lev vakent, som ein som er budd på det som kjem. Det er adventstida sin doggfriske bodskap. Spenn beltet om livet. Lat lampene brenne, seier Jesus i dagens tekstord fra Lukasev. 12.
Kan vi kalle det den kristne livshaldninga? Er adventstida ei tid for a øve seg i den kristne livshaldninga?
Sjå Han kjem. Barnet kjem. Gud er på veg til deg i helga som nærmar seg. Gud nærmar seg i Barnet som nærmar seg. Gjer deg budd. Reis deg og hald deg klar. Spenn beltet om livet og lat lampene brenne. Det er krevande å halde seg vaken. Det motsette kjem av seg sjøl. La seg overmanne av sømnen, ta alt som er for gift, flyte med på tida sine bølgjer. Men å vente på noko som enno ikkje er, det krev skjerpa sansar, eit medvit som samlar seg, som arbeider.
Sjå tilbake på livet ditt. Eg har erfart at det er ein god måte a vakne på og ei god øving for den som vil halde seg vaken.
Korleis kom Gud til deg ved korsvegane dine? Korleis rørte han ved deg i dine lukkelege augneblikk, når du lukkast med det du ville? Kva sa han til deg i prøvingane dine, når du gløymde deg, når du gjorde skade, når du trødde feil? Eller når du bestemte deg for den smale vegen til eit godt mål?
Sjå tilbake på livet ditt. Korleis han kom til deg i alle ting som møtte deg, i alle menneske som møtte deg? Og levde du utan noko medvit om Gud, kan du fornemme spora av han i tilbakeblikket ditt?
Det er ei god øving å sjå tilbake på livet sitt og oppdage nye ting for kvart tilbakeblikk. Vårt hjarte blir oppvekt på den måten, dei indre sansane blir skjerpte så vi kan forstå betre kva det er som skjer no og korleis Gud prøver å kome inn i livet mitt slik som det faldar seg ut no.
Sæle dei tenarar som herren finn vakande når han kjem, seier Jesus. Sanneleg, det seier eg dykk: Han skal spenna beltet om livet og føre dei til bords og sjøl gå fram å tene dei.
Vil vi verkeleg gå glipp av det? Vil vi misse det høvet til å bli oppvarta i Himmelen? Late livet gå forbi og ikkje oppdage at Gud var der for å servere oss sine mettande rettar?
Det må vel heite å tape sitt liv, å misse si sjel. Og kva hjelper det da om vi vinn heila verda? Vi må øve oss no. Vi må lære å leve vakent her og no. Viss vi skal oppdage Menneskesonen når han kjem den siste gongen. I den timen ingen ventar.
Vil du skrive e-post til Geir Gundersen, kan du gjøre det her.
* * * *
Vi høyrer Elias Akselsen i songen ”Jeg er på vandring gjennom livet”.