Den belgiske professoren heldt morgonandakt. Med si vakre, djupe røyst tala han om "the bright morning star", den klåre morgonstjerna, slik at eg aldri har gløymt det. Den klåre morgonstjerna syner seg på himmelen når natta er som mørkast, sa han, den klåre morgonstjerna varslar at ein ny dag er i emning.
Dei avsluttande versa i Bibelen fortel om denne klåre morgonstjerna. Det er Jesus som brukar dette biletet om seg sjølv: "Eg er Davids rotrenning og ætt, den klåre morgonstjerna".
Den siste boka i Bibelen, Johannes openberring, fortel så mykje om undergang og øydelegging; om dei siste tider, om redslescener. Men så tar Jesus sjølv ordet og kallar seg morgonstjerna, den som varslar dag og lys og håp, når nattemørket er som djupast.
Bibelens første blad fortel om at Gud skapte lyset. Og han såg at lyset var godt. Men sidan fall det mørke over jorda. Og folket ferdast i mørket og lengta etter lyset.
Då steig det ei stjerne i aust. Og dei som følgde henne, fann eit lite barn i lag med mor si; eit lite fattig menneskebarn, eit lite fattig gudsbarn, ein kongeson med eit nytt rike og ein ny dag. Og dei vart fylte av glede og lova og takka Gud.
Den natta som kvilte over jorda, vende då Jesus kom. No er det dagen som ventar, ævedagen, Gudsrikedagen. Bibelen konkluderer ikkje med at spelet er over for menneskeborna; dei har svikta si oppgåve, no er alt forbi. Nei, Bibelen endar med håp. "Anden og brura seier: 'Kom!' Og den som høyrer det, skal seia: 'Kom!' Den som tyrstar, skal koma, og den som vil, skal få livsens vatn for inkje" heiter det i Johannes openberring 22, det aller siste kapitlet i Bibelen.
Morgonstjerna er eit bilete på herlegdom og glans. Det blir i Bibelen brukt om dei gjevaste mellom verdsens herskarar i den gamle tida. Morgonstjerna står for triumf og siger.
I vår tekst er Jesus den klåre morgonstjerna. Han strålar som triumfator ved tidas ende, der historia sluttar. Han gir skapningen del i sin herlegdom i eit nytt rike der natta ikkje skal vera meir. Den dagen han varslar, er den evige dagen som aldri tar slutt.
Men den klåre morgonstjerna kan også skina i kvart menneskes nattemørke. I sjelas djupe einsemd, i sorg og smerte, i vonløyse og angst, kan Jesus koma med lys og håp og varsla at dagen er i emning.
Vil du skrive e-post til Vigdis Berland Øystese, kan du gjere det her.
* * * *
Vi høyrer Ulla-Carin Börjesdotter i songen ”Denna dag-ett liv”, skriven av Margareta Melin og Steffan Jämtbäck.