p1 Andakten 3_1
Her er du: NRK.no > Programmer > Radio > Andakten Sist oppdatert 13:17
 

Livsvandring

Mor har sett vandringsstaven frå seg for godt, på dørstokken til sin himmelske fars hus. I ei æve utanfor tida har ho del i alt som er av godt i Herrens store gildehallar. Vi som er att, les profetens ord og skimtar, stundom nært, stundom fjernt, pilegrimsmålet bakom døden, seier Vigdis Berland Øystese.

Publisert 09.11.2004 05:00.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Hjelp | Mer lyd og video
ALT OM:

Då mor fylte 70 år, heldt ho ein liten tale. Ho såg attende på livet sitt og samanlikna det med ei pilegrimsvandring. No var ho komen i Feginbrekka, tykte ho. Sigrid Undset fortel om Feginbrekka i trilogien om Kristin Lavransdatter.

Feginbrekka er den bakken der pilegrimane på veg inn til Nidaros for første gong fekk auge på målet for ferda: Dei såg katedralen liggja der med tårn og spir; dei høyrde klokkeklangen og ståket frå byen. Og dei visste at no var dei snart framme; den strevsame reisa var over. Og dei fyltest av glede og håp; dei var fegne.

Slik tykte mor det var å vera 70 år. Hennar liv hadde sanneleg vore strevsamt nok; mykje motgang, store tap, mykje uforløyst lengt, sorg, smerte og sjukdom. Men vandringa hadde også gitt henne vakre utsyn, gode medvandrarar, kjærlege møte og lukkestunder.

No var ho komen så langt på livsvegen at ho tykte ho kunne sjå heim. Og ho kjende seg fegen. Frå si 70-års Feginbrekke såg ho spira og kuplane i den heilage staden, i himmellandet ho hadde trudd på og stila mot heile livet.

Bibelteksten i dag er henta frå profeten Jesaja kap. 25. Det er som den gamle profeten er komen i si "feginbrekke" og ser inn i det lova landet der gjestebodshallen opnar seg for han med ei slik overflod at det kan verta i mestelaget for ein vestlending. Høyr berre:

"På dette fjellet skal Herren, Allhærs Gud, gjera eit gjestebod for alle folk, eit gjestebod med feite retter, eit gjestebod med gamal vin, med feite, mergfulle retter og gamal, klåra vin.

På dette fjellet skal han ta bort det sløret som ligg over alle folk, det sveipet som er lagt over alle folkeslag.

Han skal gjera døden til inkjes for alltid. Herren vår Gud skal turka tårene av alle andlet.

Sitt folks vanære skal han ta bort frå heile jorda. For Herren har tala."

Mor fekk endå 15 års vandring etter 70-årsdagen. Og ho var mykje fegen; ikkje berre fordi ho såg målet nærma seg, men også fordi ho gledde seg over vandringa.

No har ho sett vandringsstaven frå seg for godt, på dørstokken til sin himmelske fars hus. I ei æve utanfor tida har ho del i alt som er av godt i Herrens store gildehallar. Vi som er att, les profetens ord og skimtar, stundom nært, stundom fjernt, pilegrimsmålet bakom døden.

Vil du skrive e-post til Vigdis Berland Øystese, kan du gjere det her.

Vi høyrer Bodø domkor i salmen ”Från jordens mørker”.


Siste saker:

SISTE ANDAKTER

Flere andakter (arkiv fra 2001 fram til i dag)

 

Nettradio

Morgenandakt i opptak

10 SISTE ANDAKTER
Flere andakter
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no