p1 Andakten 3_1
Her er du: NRK.no > Programmer > Radio > Andakten Sist oppdatert 13:17
 

Fridom

Bots- og bededag er ein dag då vi kan få be, få vende oss til Jesus. Då vi kan få komme til han med våre liv, ærleg og utan å førestille oss eller prøve å gjere oss betre enn vi er. Og bli møtt av han som kom for å sette fangar fri og for å kalle menneske ut av mørkret, seier Helge Standal.

Publisert 05.11.2004 05:00.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Hjelp | Mer lyd og video
ALT OM:

”Kvifor ikkje gå i kyrkja?” Det forslaget fekk ei prostituert kvinne frå ein som prøvde å hjelpe henne. Dette var ei kvinne som hadde vore borte i dei verste slags fornedringar, og ho var djupt fortvila og heilt på botnen. Så han som spurte tenkte at kanskje kunne det å gå i kyrkja vere ein veg ut av den fortviling og skam som ho kjente på?

Han sei han aldri vil gløyme det sjokkerte ansiktet ho sette opp: “Kyrkja? Kvifor skulle eg tenke på det? Eg føler meg allereie heilt på botnen, elendig! Dei ville berre få meg til å føle meg enda verre.”

Eg tenker av og til: Er det slik menneske oppfattar kyrkja og den kristne bodskapen? At ein berre vil føle seg verre, for der vil ein få sitt pass påskreve og bli fortalt kor dårlig ein er? På søndag var det bots- og bededag i kyrkjene våre. For mange var det ei slags stadfesting på at kyrkja berre er opptatt av synd. Av kor elendige vi er. Slik at ein ville gått derfrå og følt seg enda verre enn då ein kom.

Så er ikkje bots- og bededag ei leivning frå gamle dagar som vi burde kvitte oss med? Eg trur ikkje det. For bodskapen på bots- og bededag handlar ikkje om å ta seg saman. Om å bli betre. Men det handlar om å få legge av dei byrdene som vi ber på og dei nederlaga som vi strevar med.

Jesus kom ikkje for å få folk til å føle seg verre. Når vi les i Bibelen, ser vi at prostuerte flokka seg om Jesus, dei drog seg ikkje vekk frå han. Jo verre ein person hadde det, jo meir såg han på Jesus som si beste tilflukt. ”Tollarar og syndarar heldt seg nær til Jesus”, står det, dei mislykka, dei som ingen andre i samfunnet brydde seg om.

Det stemmer også med profetiane om Jesus i Bibelen, om kva Messias skulle komme for å gjere. Dagens bibeltekst er ein slik profeti: Han skal “seia til fangane: "Gå ut!" - til dei som er i mørkret: "Kom fram!"” (Jes. 49,9)

Jesus kom for å sette menneske i fridom. Føre oss ut av mørket.

Så var det ikkje bot og betring det handla om på søndag. Det er lett å misforstå denne dagen på ein slik måte. Men namnet på dagen er bots- og bededag. Ein dag då vi kan få be, få vende oss til Jesus. Då vi kan få komme til han med våre liv, ærleg og utan å førestille oss eller prøve å gjere oss betre enn vi er. Og bli møtt av han som kom for å sette fangar fri og for å kalle menneske ut av mørkret.

Vil du skrive e-post til Helge Standal, kan du gjøre det her.

* * * *

Vi høyrer Bjørn Eidsvåg i hans eigen song ”Eg komme”.


Siste saker:

SISTE ANDAKTER

Flere andakter (arkiv fra 2001 fram til i dag)

 

Nettradio

Morgenandakt i opptak

10 SISTE ANDAKTER
Flere andakter
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no