p1 Andakten 3_1
Her er du: NRK.no > Programmer > Radio > Andakten Sist oppdatert 13:17
 

Ulik synd

Frå ein menneskelig ståstad er det forskjell på synder. Nokon får store konsekvensar og kan øydelegge livet til andre menneske. Andre skader ikkje på same måte. Så konsekvensane av våre synder er forskjellige, seier Helge Standal.

Publisert 03.11.2004 05:00.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Hjelp | Mer lyd og video
ALT OM:

Filmen om Hitler sine siste dagar kjem snart på kino her i Noreg. Den handlar om slutten av krigen og fylgjer den tragiske og triste avslutninga av livet til denne tyrannen. Eg har berre sett klipp av den, ein dramatisk og tragisk film. Men kva om vi i denne filmen hadde fått ei scene der Hitler angrar?

Ingen ting tyder på at han gjorde det. Men kva om han hadde gjort det? Bedt Gud om tilgiving for alt det gale han hadde gjort? Eg trur dei fleste av oss ville ha blitt sinte og rasande, det går ikkje an å vere så lettvindt. Millionar av menneske vart torturert, plaga og drepne på grunn av han. For ein mann som Hitler fins det ikkje tilgiving.

Men spørsmålet blir: Tenker Gud slik også? At der er synder som kan tilgis, og så er der synder som er for store og for grove?

Frå ein menneskelig ståstad er det forskjell på synder. Nokon får store konsekvensar og kan øydelegge livet til andre menneske. Andre skader ikkje på same måte. Så konsekvensane av våre synder er forskjellige. Men hjå Gud? Korleis ser det ut der? I dagens bibeltekst får vi høre Guds innbyding til oppgjer:

”Kom, lat oss gjera opp vår sak! seier Herren. Om syndene dykkar er som purpur, skal dei verta kvite som snø; om dei er raude som skarlak, skal dei verta kvite som ull.” (Jes. 1, 18)

Gud sei at om dei er aldri så grove og blodstenka, så kallar han oss likevel til å komme til han, og han vil gjere oss reine.

Luther hadde ein venn, Georg Spalatin, som var plaga med vondt samvit over ei grov synd han hadde gjort. Han var nedtrykt, deprimert og knust. Så Luther skreiv et brev til denne vennen: ”Slå deg i lag med oss, vi som er verkelige, store, hardkokte syndarar.

Jesus kom ikkje for å hjelpe oss berre når vi treng tilgiving frå små, barnlige synder. Det hadde ikkje vore mykje til hjelp. Nei, han er ein frelser frå verkelige og grove synder, frå dei største og mest sjokkerande synder, ja, frå alle synder lagt saman i ein stor sluttsum.”

Eg trur Martin Luther hadde forstått det: Sånn er Jesus. Han kom for å gjere det svartaste reint igjen, for å gi tilgiving til alle oss som er nedtrykte og fortvila over det vi har gjort.

Kva så med Hitler? Ein kjent prest som heitte Karl Barth blei rett etter krigen spurt om dette: Kva ville du ha sagt til Hitler dersom du hadde hatt sjansen? Han svarte: ”Eg ville ha sagt: Jesus døde for dine synder.”

Vil du skrive e-post til Helge Standal, kan du gjøre det her.

* * * *

Vi høyrer Carola i salmen ”Jesus för världen” skriven av Lina Sandell.


Siste saker:

SISTE ANDAKTER

Flere andakter (arkiv fra 2001 fram til i dag)

 

Nettradio

Morgenandakt i opptak

10 SISTE ANDAKTER
Flere andakter
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no