Teksten er henta frå Apgj. 16, 6-10.
God morgon!
Vi lærte den hos lærar Vaksvik, vi song den på skulegudstenester i Skodje kyrkje – og seinare som prest i mange, mange gravferder. Det var ein salme som folk ønskte for seg og sine:
Lei milde ljos igjennom skoddeeim, leid du meg fram. Før du min fot, eg treng ei sjå min veg så langt og vidt – eitt steg er nok åt meg.
Så ser forfattaren, Kardinal Newman, tilbake på livet sitt i vers to:
Du veit det vel, eg bad ei alltid så: Lei du meg fram! Eg ville velja sjølv min veg, men no leid du meg fram! Eg ville leva fritt, var stolt og strid og stor i mod – å, gløym den dårskapstid.
”Far, om du vil, så ta denne skåla frå meg!” Ba Jesus i sin tunge time i Getsemanehagen. ”Men ikkje som eg vil, berre som du vil.” Og når læresveinane ber Jesus lære dei å be, svarar han:
Når de bed, skal de seia: Far! Lat namnet ditt helgast. Lat riket ditt koma. Lat viljen din råda på jorda så som i himmelen.
Det kan verke slik: Når eit menneske kjem til seg sjøl, finne seg sjøl heime i Gud, så veks det ei bønn innanifrå:
Ikkje meir av min vilje Gud, meir av din. Ikkje meir av mine planar, Gud, men meir i samsvar med din.
Ikkje fleire av mine tankar om deg, men fleire av dine tankar om meg.
Eg hugsar også ei slik tid, det er ikkje lenge sidan. Eg som hadde vore kristen frå barndomen av, som hadde blitt prest og preika om Gud i lange tider, eg oppdaga at forholdet til Gud var å likne med eit neglisjert kjærleiksforhold, noko eg hadde teke for gitt og slutta å vere nysgjerrig på.
Eg måtte nullstille meg, eller snarare bli nullstilt. Eg måtte gi Gud ordet på ein annan måte i livet mitt. Eg kan minnast korleis ein stor forløysande gråt tok tak i meg då eg kom over bror Charles si bøn inspirert av Fadervår:
Far, eg gir meg over til deg. Gjer med meg som du vil. Eg har budd til alt. Eg er med på alt.
Berre din vilje skjer med meg og med alt du har skapt. Eg ønskjer ingenting anna, min Gud.
Finn fram Apostelgjerningane og les dagens tekstord i kap. 16, vers 6-11. Om Paulus på reise med Jesus, misjonsreise. Gong på gong blir kursen justert. Paulus har sine reiseplanar, men Jesus Ande gav han ikkje lov, står det. Den strie Paulus er blitt eit menneske som Gud får styre innanifrå. Det blir ikkje eit enkelt liv.
Men det blir sannare.
* * * *
Vi hører Sondre Bratland i salmen ”Leid milde ljos”.