Du kan få vennskap med Jesus, fred med Gud og eit leikande liv i Den Heilage Ande. Gi deg i veg, kom deg laus frå dei trange definisjonar av livet ditt! Lat ditt hjarte leie deg innover, utover, mot det som du er skapt til. Då får du ei god reise, seier Geir Gundersen.
Teksten er henta frå Joh. 1,43-51.
God morgon!
Mange kritikarar av kristendommen oppfattar den som ei oppmoding til blind tru. Til å late att forstandens auge, underkaste seg Gud som ytre autoritet og desperat halde kristendommens påstandar for sanne.
Det er ein kritikk som treff det den kritiserar, og det er ikkje vanskeleg å finne slike variantar av kristen forkynning. Men det er vanskeleg å sjå at den treff, Jesus frå Nazareth . ”Fylg meg”, seier han til Filip i dagens tekstord frå Johannesevangeliet kap. 1. Fylg meg og sjå kva som hender! Det er ikkje ein invitasjon til underkasting. Det er ein invitasjon til erfaring. For det er det erfaring betyr:
å gå inn i ukjent land og gjere seg kjent med det ved å reise gjennom det. ”Fylg meg. Reis saman med meg med eit ope sinn!”
Filip blir med. Då han møter venen Natanael, formulerer han erfaringa si slik:
”Vi har funne han som Moses har skrive om: Det er Jesus frå Nazareth, son til Josef.” Natanael er skeptisk, sannsynligvis meir skeptisk av natur enn venen Filip. ”Kan det koma noko godt frå Nazareth”, seier han. Eg veit ikkje om Natanael er ironisk eller fordomsfull, men menneskeleg er han. ”Kom og sjå”, seier Filip som eit ekko av Meisteren, kom og finn ut for deg sjøl.
Slå opp i Johannesevangeliet og les deg inn på Natanael si reise med Jesus. Sjå den respekten Jesus møter han med. Sjå korleis Natanael steg for steg, i full fridom, gjer sine erfaringar, opnar hjarte og forstand for Jesu person og gir seg ut på nye djup saman med han.
Slik eg ser det, er dette kristendommens vesen, eller rettare den kristne trua sitt vesen i følgje Jesus frå Nazareth.
Noko som hender når mennesket svarar personleg på eit personleg kall: Fylg meg! Kom og sjå! Det er djup som ropar til djup, djupet i Jesus ropar til djupet i mennesket, djupet i deg.
Gi deg i veg, kom deg laus frå dei trange definisjonar av livet ditt! Lat ditt hjarte leie deg innover, utover, mot det som du er skapt til: vennskap med Jesus, fred med Gud og eit leikande liv i Den Heilage Ande. God reise!
Vil du skrive e-post til Geir Gundersen, kan du gjøre det her.
* * * *
Vi hører Ole Edvard Antonsen i melodien ”Men går jag över engarna”.