Det er nåde å kunna møta eit anna menneske med litt av Guds sinnelag, med varme, med omtanke, med eit handslag i ei vanskeleg tid, med ei innbyding i ein uventa samanheng, seier Vigdis Berland Øystese.
Nyleg har eg vore på Lista og opplevd eit sterkt landskap og venlege og omsorgsfulle menneske. Samstundes fekk eg eit nyttig lite repetisjonskurs i nådens løyndomar. For eg kunne berre ta imot gjestfridom og tenester og hadde ingen ting å koma med til gjengjeld. Slik er også Guds nåde.
Gud gir oss si frelse og sine mange gode gåver for livet og æva, utan at vi kan gi vederlag for det. Eg kan ikkje laga ein avtale med Gud som går ut på at eg gjer det eg greier og så ordnar han resten. Guds nåde er ikkje ei reserveløysing når eg ikkje fiksar alt sjølv. Guds nåde er den einaste løysinga. Men det er berre ei side ved nåden.
Det er også nåde å kunna møta eit anna menneske med litt av Guds sinnelag, med varme, med omtanke, med eit handslag i ei vanskeleg tid, med ei innbyding i ein uventa samanheng.
Guds nåde mot oss har ikkje til føremål å passivisera oss og gjera oss likesæle med korleis vi lever og ter oss. Guds nåde skal setja oss frie til å vera gode mot kvarandre, til å gjera det betre å leva; til å bruka fantasi og krefter, pengar og tid, ord og handlingar til å gleda ein annan, gjera dagen lettare og lysare for han. Og det vidunderlege er at dette bryr Gud seg om.
Alt det de gjorde mot ein av desse mine minste små, det gjorde de mot meg, sa Jesus. Korleis gler det vel ikkje foreldre å sjå at nokon er gode mot borna deira! Korleis varmer det ikkje når nokon talar vel om ektefellen vår eller ein annan vi er glad i! Slik er kjærleiken. Og når nokon gjer godt mot den som Gud er glad i; dei menneskeborna han har så kjære, så rører dei ved gledestrengane i Guds hjarta.
Det er nåde å få ta imot Guds godleik for ingen ting. Det er nåde å få gi vidare det som er godt, til eit anna menneske, for ingen ting. Den eldre dama som gav meg skyss til butikken på Lista, ville ikkje høyra snakk om betaling.
-Du får heller hjelpa ein annan ein gong, var hennar råd. Olav H. Hauge er inne på det same i eit dikt som fortel om ein kar som har fått båtskyss over ein fjordarm, og som ikkje får betala for tenesta:
Han kom or fjellet, skulde heim, fekk føring ifrå Osa ut til Øydvinstò. Og han var raust Han kom or fjellet, skulde heim, fekk føring ifrå Osa ut til Øydvinstò. Og han var raust og baud betal. Men Osamannen var ikkje fal. Eg vil betala; eg kan ikkje nå deg med ei beine att. So gjer ein annan mann ei beine då, sa Osamannen, og skauv ifrå.
Vil du skrive e-post til Vigdis Berland Øystese, kan du gjere det her.
* * * *
Vi hører Ulla-Carin Börjesdotter i sangen ”Tro ditt hjärta om gott”.