p1 Andakten 3_1
Her er du: NRK.no > Programmer > Radio > Andakten Sist oppdatert 13:17
 

Dei gjestmilde

Trass i mine mange nederlag, mine svik og min veikskap, er Guds miskunn rikeleg og fri. All menneskeleg godleik har sine grenser, men Guds nåde mot oss varer all vår dag, over dødens dørstokk og inn i det evige livet, seier Vigdis Berland Øystese.

Publisert 09.06.2004 06:00.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Hjelp | Mer lyd og video
ALT OM:

Etter påske var eg fjorten dagar på Lista, sat og arbeidde med noko, avsides i eit lånt hus med utsyn over det vide havet. Det var fjorten gode dagar med arbeidsro og makelause turar. Eg fekk møta våren i eit sterkt landskap, og eg fekk møta menneske med varme hjarte.

Dei fjorten dagane på Lista gav meg velsigna leksjonar i nådens løyndomar. Ei dame på over 80 som budde i nærleiken, gav meg skyss til butikken og inviterte på kveldsmat og sundagskaffi. Slektningar av huseigarane bad meg på middag og inviterte til gudsteneste. Andre kjenningar inviterte meg på besøk fleire mil unna, tok meg med på konsert og oppvarta meg på alle vis. Og eg kunne berre ta imot!

Eg hadde ingen ting å ta med meg, ingen blome, inga konfektøskje. Eg laut gå tomhendt. Når eg nølande svara at eg ikkje kunna koma meg dit dei inviterte meg, sa dei berre: Vi kjem og hentar deg! Når eg ville betala for skyssen, var det aldri tale om! Og eg tenkte med meg sjølv: Slik er det også med Guds nåde og meg. Eg kan berre ta imot. Ingen ting har eg å betala av på nåden med. Eg kan ikkje yta noko vederlag for nåden.

Nåden inneber at Gud frelser oss menneske utan at vi skal prestera noko først; nåden inneber at han gir oss av alle sine gode gåver utan å forlanga noko til vederlag. Nåden er grenselaus og tilgjengeleg. Guds nåde seier til meg: Kom til gjestebod hjå meg! Eg gir deg alt du treng for liv og æve; eg gir deg fest-klede og ring på fingeren, syter for overflod av godt, slettar ut alle dine misgjerningar og all di skuld, gjer deg fri og sæl.

Teksten for i dag frå Titus brev kap 3 (v. 4-7) er ein spennande og innhaldsrik tekst. Vi skal ta med berre eit par av versa: "Men vår Gud og frelsar lét sin godleik og kjærleik til alle menneske verta openberra. Og han frelste oss, ikkje fordi vi hadde gjort rettferdige gjerningar, men fordi han er miskunnsam. [...] Så skulle vi ved hans nåde stå rettferdige for Gud og verta arvingar til det evige livet, som er vår von." Nådens leksjonar frå Lista var lette å forstå, men ikkje så enkle å godta.

Det er vanskeleg å berre ta imot. I utgangspunktet kjende eg meg fattig og hjelpelaus, men desse menneska gjorde meg rik og glad. Framleis kjenner eg varmen frå dei. Men like viktig for meg vart det å sjå utover det vide havet utanfor det vakre Listalandet og vita at så grenselaus er Herrens nåde og kjærleik mot meg.

Trass i mine mange nederlag, mine svik og min veikskap, er Guds miskunn rikeleg og fri. All menneskeleg godleik har sine grenser, men Guds nåde mot oss varer all vår dag, over dødens dørstokk og inn i det evige livet. Slik seier Thomas Kingo det i ein morgonsalme (Norsk Salmebok nr. 773):

Utallig saa som Sand, Og uden maade, Som Hafsens dybe Vand Er Herrens Naade, Som hand mit Hoved daglig overgyder: Hver morgen i min Skaal En Naade uden Maal Til mig nedflyder.

Vil du skrive e-post til Vigdis Berland Øystese, kan du gjere det her.

* * * *

Vi hører Taizé-salmen ”Syng lovsang hele jorden”.


Siste saker:

SISTE ANDAKTER

Flere andakter (arkiv fra 2001 fram til i dag)

 

Nettradio

Morgenandakt i opptak

10 SISTE ANDAKTER
Flere andakter
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no