p1 Andakten 3_1
Her er du: NRK.no > Programmer > Radio > Andakten Sist oppdatert 13:17
 

Gode bod

Gud kjenner oss. Han veit at vi er haltande i vår kjærleik. Men han trekkjer seg ikkje attende frå oss i sinne. I staden vender han seg til oss med ein slik kjærleik som den han ber oss om. Gud elskar oss med eit heilt hjarta og med ein heil hug, seier Vigdis Berland Øystrese.

Publisert 08.06.2004 06:00.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Hjelp | Mer lyd og video
ALT OM:

Du treng ikkje seia det med slik sint stemme, sa yngstemann betutta til meg ein gong. Eg hadde nok vore streng og sagt frå om korleis eg syntest noko skulle vera. Korreksen eg fekk, var nyttig, og sikkert heilt på sin plass. Det er lett for oss vaksne å triva til den sinte stemma når vi skal innprenta borna våre noko som vi meiner er innlysande rett.

Det er mange som synest Gud brukar den sinte stemma si når han forkynner sine bod og reglar til menneska. Somme reagerer med trass, andre trekkjer likesæle på skuldrane. Guds bod er gamaldagse og passé, hevdar dei; i vår tid passar det betre med ein modifisert versjon av Kardemommelova:

- Du skal ikkje plaga andre, du skal vera grei og snill, viss du berre får det til, men sånn elles, kan du gjera som du vil.

Kva skal vi vel med ein streng Gud som talar til oss gjennom tusen-åra med ei myndig og befalande røyst? Kva skal vi med ei kyrkje som verkar sint og sur og veiftar mot oss med tørre, gamle peikefingrar frå ei fjern fortid?

Gud talar ikkje sine bod-ord i sinne, men ut frå sin gode vilje. Gud har skapt oss menneske og verda vi lever i; hans plan og ønske for det skapte er dei beste. Han vil at vi skal leva gode og heile liv i fellesskap med han og med kvarandre og med resten av skaparverket. Difor har han gitt oss rettesnorer og haldepunkt gjennom sine bod og ordningar.

Gud talar også sine bod-ord i tillit. Han veit at vi er skapte i hans bilete, at vi er esla til noko godt. Han set høge mål for oss for at vi skal strekkja oss mot det som er reint og rett og stort.

Slik lyder teksten frå 5. Mosebok 6:

"Høyr, Israel! Herren er vår Gud, Herren er éin. Du skal elska Herren din Gud av heile ditt hjarta og av heile din hug og av all di makt. Desse orda og boda som eg gjev deg i dag, skal du gøyma i hjarta ditt. Du skal prenta dei inn i borna dine og tala om dei når du sit heime og når du går på vegen, når du legg deg og når du står opp."

Guds bod har ein kjerne. Det er kjærleiken til den eine Herre og Gud. Bodet ber om at vi elskar Gud med eit heilt hjarta, med ein heil hug og av all vår makt.

Gud kjenner oss; han veit at vi er haltande i vår kjærleik. Men han trekkjer seg ikkje attende frå oss i sinne. I staden vender han seg til oss med ein slik kjærleik som den han ber oss om. Gud elskar oss med eit heilt hjarta og med ein heil hug. Han elskar oss av all si makt. Ja, han elskar oss slik at han gav seg sjølv for oss i Sonen Jesus Kristus.

Guds bod er ikkje tala med ei sint stemme, dei er tala i kjærleik og visdom. Dei er vel verde å grunna på og vel verde å strekkja seg etter.

Vil du skrive e-post til Vigdis Berland Øystese, kan du gjere det her.

* * * *

Vi hører Tore Ljøkjel i melodien ”Guds hus” av Jon Kleveland.


Siste saker:

SISTE ANDAKTER

Flere andakter (arkiv fra 2001 fram til i dag)

 

Nettradio

Morgenandakt i opptak

10 SISTE ANDAKTER
Flere andakter
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no