p1 Andakten 3_1
Her er du: NRK.no > Programmer > Radio > Andakten Sist oppdatert 13:17
 

Utan sidestykke

Bibelen averterer frelse og evig liv under overskriftene "gis bort", "for inkje", "av nåde", "kom kjøp utan pengar". Det er eit tilbod utan sidestykke. Og det er eit tilbod langt større enn etterspurnaden, seier Vigdis Berland Øystese.

Publisert 21.01.2004 05:00. Oppdatert 21.01.2004 07:22.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Hjelp | Mer lyd og video
ALT OM:

Ein skinande dag for nokre år sidan fekk eg stiga rett opp og inn i eventyret på fjellet Melderskin i Rosendal. Det var ein lang og temmeleg bratt tur. Eit stykke nede i lia stod eit skilt som fortalde oss at her var siste sjansen på lenge til å drikka friskt vatn og fylla opp vassflaskene. Dei tunge kilometrane som venta framfor oss, var vasslause.

Vi nordmenn er så bortskjemde med friskt vatn at vi mest gløymer kva det er verd. Men manglar ein først vatn, oppdagar ein at det er viktigare enn alt anna.

Bibelen omtalar vatn på si første side, og på si siste. Oftast står bibelens vatn for liv, for frelse og for velsigning. Alle bibeltekstane for morgonandaktene denne veka, handlar på eit eller anna vis om vatn.

Dagens tekst står i Johannes openberring, boka som handlar om dei siste tider når himmel og jord skal forgå, når Gud skal halda dom og skapa ein ny himmel og ei ny jord der rettferda bur. Apostelen Johannes får ein gløtt inn i det framtidige riket der Gud skal ha sin bustad hjå menneska, der Gud skal tørka kvar tåre frå augo deira, og døden ikkje skal vera meir, ikkje sorg og ikkje skrik og ikkje pinsle. Og Kristus sjølv er kongen deira.

Vi les frå kap. 21:

"Då sa han som sit på kongsstolen : 'Sjå, eg gjer alle ting nye!' Og han la til: 'Skriv det opp! For desse orda er pålitelege og sanne.' Så sa han til meg: 'Det har hendt! Eg er Alfa og Omega, opphavet og enden. Eg vil gje den tyrste av kjelda med livsens vatn for inkje. Den som sigrar, skal arva dette, og eg vil vera hans Gud, og han skal vera min son."

Det er eit ord som ikkje er nemnt i teksten, og heller ingen annan stad i Johannes openberring, som samlar opp i seg mykje av det denne teksten ber bod om. Det er ordet nåde. Nåden uttrykkjer Guds sinnelag overfor mennesket, hans miskunn og gjevmilde, hans frelse i Jesus Kristus. Nåden er alt vi får utan å ha fortent det, utan å kunna yta noko til vederlag. Det er av nåde vi lever og rører oss og er til. Vi får alt "for inkje". "Eg vil gje den tyrste av kjelda med livsens vatn for inkje", seier dagens tekst.

Men, seier du kanskje, dette gjeld jo den som sigrar, står det i teksten. Det er han som skal arva alt i hop, det er han som skal vera Guds son: Den som har lyfta kristendommens fane høgt, som har trudd sant og rett, og fullt og fast og frimodig til sine dagars ende. Den som sigrar, skal arva.

Men så er han ikkje anna enn nåde, sigeren heller. For sigeren høyrer Gud til, og Lammet, han som sit på kongsstolen, seier openberringsboka. Kristus vann siger, jamvel over døden, då han døydde og stod opp. Han er byrjinga og enden, alfa og omega, også der. Men sigeren blir gitt oss, ved Jesus Kristus. Slik arven blir det, og barnekåret, og livsens vatn. For inkje, av nåde.

Bibelen averterer frelse og evig liv under overskriftene "gis bort", "for inkje", "av nåde", "kom kjøp utan pengar". Det er eit tilbod utan sidestykke. Og det er eit tilbod langt større enn etterspurnaden.

På siste sida i Bibelen les vi: "Anden og brura seier. "Kom!" Og den som høyrer det, skal seia: "Kom!" Den som tyrstar, skal koma, og den som vil, skal få livsens vatn for inkje."

Vil du skrive e-post til Vigdis Berland Øystese, kan du gjere det her.

* * * *

Vi hører Taizè-salmen "Laudate omnes gentes".


Siste saker:

SISTE ANDAKTER

Flere andakter (arkiv fra 2001 fram til i dag)

 

Nettradio

Morgenandakt i opptak

10 SISTE ANDAKTER
Flere andakter
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no