Du kan gle deg til dagens bibeltekst frå Salme 36. Det er eit stykke poesi. Storslåtte og vakre bilete skildrar Guds miskunn og stordom, og hans omsorg for sine.
"Herre, til himmelen når di miskunn, til skyene rekk din truskap. Di rettferd er som mektige fjell, som det store havdjup er dine domar.
Du bergar menneske og dyr. Herre, kor dyrverdig di miskunn er! I skuggen av dine venger, Gud, søkjer menneskeborna livd.
Dei får eta seg mette av det beste i ditt hus, du lèt dei drikka or gledebekken din.
For hjå deg er livsens kjelde, i ditt ljos ser vi ljos."
Tenk å finna ein sprudlande bekk når ein er trøytt og varm etter ei lang vandring; ein bekk å drikka or i tyngste motebakken, ein bekk å svala det heite ansiktet i, ein bekk jamvel til å stikka føtene nedi!
Å ha ein bekk gjennom åker og eng, ein bekk der vatnet sildrar og renn jamvel i dei tørraste tider; kulpar med livgivande, friskt vatn.
Men å ha ein gledebekk! Det var noko! Ein bekk å ausa mot ut or når tidene er tunge, ein bekk å vaska bekymringane av i, ein bekk som boblar av himmelske smil!
Ein slik bekk får dei drikka or, menneska i salme 36. Og bekken har eit utspring: Livsens kjelde er hjå Gud.
Ein skulle tru det avsnittet vi las, så fylt av fryd og jubel, var omgitt av meir lovsong av same slaget. Men nei, det ser ut som salmisten har drukke av gledebekken i ein motbakke.
Salme 36 innleier med såre sukk over dei gudlause som høyrer synda kviskra i hjarta sitt, som har halde opp med å gjera godt og bera seg visleg åt, som ligg og pønskar ut vondskap og er fulle av løgn og svik. Og salmen avsluttar med bøn om at dei stolte ikkje skal trø salmisten ned, og dei gudlause ikkje jaga han bort, men at Guds miskunn må vara ved for dei som kjenner han, og hans rettferd for dei ærlege av hjarta.
Midt i dette er det salmisten syng dei vidunderlege linjene om miskunn og glede, om ha nøgda av det beste, om ha lys og livd. Guds gledebekk renn midt gjennom vår tid og vår verd, Guds kjelde er der menneska er med si uro og sine prøvingar. Guds bekk og kjelde sildrar ein stad nær deg.
* * * *
Grimstad kammerkor synger "Afrikansk bønn".