p1 Andakten 3_1
Her er du: NRK.no > Programmer > Radio > Andakten Sist oppdatert 13:17
 

Alle har synda

Vi blei skapt til å leve i saman med vår rette far, Gud, i hans gode rike. Men vi har snudd Gud ryggen og gått vår eigen veg. Vi står der, utan del i Guds herlegdom. Men julebodskapen handlar om at Gud hadde ein frelsesplan for å berge oss menneske, seier Helge Standal.

Publisert 30.12.2003 05:00.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Hjelp | Mer lyd og video
ALT OM:

Jeffrey Dahmer. Sei det namnet til folk i USA, og dei blir sinte og opprørte. For han var ein av dei mest kjente massemordarane verda har sett. Han blei dømt for 17 mord. Rettssaka mot han blei overført på TV, og dei som såg på reagerte sterkt på kor ufølsam han verka. Han berre sat der, kald og rolig. Han viste ikkje eit teikn på anger, han viste ingen kjensler for det grusomme han hadde gjort.

Men det som faktisk har opprørt folk mest med Jeffrey Dahmer og som framleis vert diskutert, det var hans omvending. For nokre månader før han i 1994 blei drepen i fengselet av ein medfange vart han ein kristen. Han sa at han angra. Sa han vendte om og trudde på Jesus.

Han vart døypt der i fengselet av ein pastor. Det opprørte mange. Kan det vere nåde for ein mordar? Så lett er det vel ikkje? At alminnelige syndarar kan få tilgjeving, det er no så, men Jeffrey Dahmer eller Saddam Hussein, slike kan då ikkje bli tilgitt! Samanlikna med dei føler vi at vi er i ein anna klasse, i ein anna og høgare divisjon.

Problemet er at Gud samanliknar oss ikkje med dei. Det er ikkje dei som sett standarden, det er Gud. Og den standarden er annleis. Jesus sa det slik: Ver fullkomne slik dykkar himmelske far er fullkommen.

Eg har aldri vore god til å hoppe høgde. Då vi skulle ta idrettsmerket på skulen, var høgdehopp det eg strevde mest med. Og eg har ikkje blitt meir spenstig med åra, i alle fall ikkje no etter jul då kiloa har auka på. Du som høyrer på denne andakta, hoppar kanskje 50 - 60 cm høgare enn eg. Men sett at målet var å hoppe til månen. Då ville forskjellen i grunnen bli liten.

For å bli i det biletet: Jeffrey Dahmer hoppa kanskje 60 cm, du hoppar 1 meter og 60 cm, men i høve til 450 000 km er det i grunnen ikkje så stor forskjell.

Bibelen er tydelig på ein ting: at alle har synda, ingen av oss har del i Guds herlegdom.

Bibelen sei at vi blei skapt til å leve i saman med vår rette far, Gud, i hans gode rike. Men vi har snudd Gud ryggen og gått vår eigen veg. Vi står der, utan del i Guds herlegdom. Men julebodskapen handlar om at Gud hadde ein frelsesplan for å berge oss menneske. I dagens tekst frå Efesarbrevet står det:

I han har vi utløysinga som vart vunnen ved hans blod, forlating for syndene. Så rik er hans nåde, som han i rikt mål har late oss få.

I han – i Jesus Kristus – har vi ei utløysing frå mørket, forlating for syndene. Så rik er hans nåde, og den gjeld for alle menneske. Så god er julebodskapen.

* * *

Vi hører salmen "Syng lovsang, hele jorden".


Siste saker:

SISTE ANDAKTER

Flere andakter (arkiv fra 2001 fram til i dag)

 

Nettradio

Morgenandakt i opptak

10 SISTE ANDAKTER
Flere andakter
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no