p1 Andakten 3_1
Her er du: NRK.no > Programmer > Radio > Andakten Sist oppdatert 13:17
 

I vår stad

Min lagnad står og fell med at Barnet verkeleg er Guds tenar, Guds Son. Eg erfarer, det vil seie smakar og kjenner, at det er mine synder og mine sjukdomar han ber. Ein dag skal livet mitt ta slutt. Ein dag skal eg døy. Det får stå si prøve, seier Geir Gundersen.

Publisert 12.12.2003 05:00.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Hjelp | Mer lyd og video

Teksten er henta frå Jes. 53, 3-10.

God morgon!

I dag møter vi ein tekst som er 500 år eldre enn juleevangeliet. Men finn vi vegen inn i den – kan den bli vegen til ei annleis jul.

Vi skal til profeten Jesaja, det 53. kapitel.

Vi får sjå eit menneske, ein skapnad med eit lite tiltalande ytre. Han såg ikkje ut som eit menneske. Meir skamfaren enn nokon mann. Vanvørd var han. Folk heldt seg unna – slik vi held oss unna dei det går skikkeleg gale for. Han var velkjend med sjukdom. Han leid vondt. Men ingen ville sjå på han. ”Vi rekna han for inkje”

Men nokon må trassa avstanden og trødd over dei usynlege grensene rundt denne mannen. Nokon må ha gått tvers gjennom misforståingane og fordommane, våga seg heilt nær dette skrekkelege synet. Profeten. Då ser han at mannen er Guds eigen tenar. Då ser han at sjukdomane mannen ber, ikkje er hans eigne.

”Sanneleg, våre sjukdomar tok han på seg og våre pinsler bar han. Vi trudde han var heimsøkt, slegen av Gud og ille plaga.

Men han var såra for våre brot og sundbroten for våre synder. Straffa låg på han, så vi skulle ha fred. Og ved hans sår har vi fått lækjedom.

Vi for vilt som sauer og vende oss hvar til sin veg. Men Herren let råka han det vi alle var skuld i.”

Ein mann som tek på seg andre si skuld og lar kroppen bere andre sine sjukdomar. Ein mann som gir seg heilt for å berge andre. Den første kristne kyrkja var ikkje i tvil. Denne gamle teksten er ein profeti om Jesus, den dekker fullt ut lagnaden til Barnet som kom med heile himmelen i seg og 33 år gamal lar seg drive i døden av dei som han går i døden for.

Somme seier at det religiøse språket er tomt, at ingen kan tru og tenkje slik lenger. Det får stå si prøve. Eg flyttar inn i Jesaja kap. 53. Med heile mitt liv, heile min situasjon som menneske i 2003. Eg seier: Min lagnad står og fell med at Barnet verkeleg er Guds tenar, Guds Son. Eg erfarer, det vil seie smakar og kjenner, at det er mine synder og mine sjukdomar han ber.

Eg ser den vegen som Barnet skal gå – og kjenner korleis han dreg meg inn i den vegen. Eg tenkjer: Ein dag skal livet mitt ta slutt. Ein dag skal eg døy. Måtte eg då få gi livet frå meg like villig som han gav sitt. Måtte eg begynne å øve på det no.

Vil du skrive e-post til Geir Gundersen, kan du gjøre det her.

* * *

Sandefjord jentekor synger "En krybbe var graven".



SISTE ANDAKTER

Flere andakter (arkiv fra 2001 fram til i dag)

 

Nettradio

Morgenandakt i opptak

10 SISTE ANDAKTER
Flere andakter
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no