Tekst:en er henta frå Salme 84, 2-6.
God morgon!
Ein skriftlærd, ein religiøs mann ville sette Jesus på prøve og spurde: Meister, kva bod er det største i lova? Jesus svara med den jødiske barnelærdommen. Du skal elske Herren din Gud av heile ditt hjarte og av heile di sjel og av alt ditt vit. Dette er det største og første bodet. Men det er eit anna som er like stort: Du skal elska nesten din som deg sjølv.
Eg har ein fantasi. Eg ser ein autoritet på vår tids religiøsitet sette Jesus på prøve: Kva er det viktigaste for eit menneske i dag? Eg høyrer Jesus svare: Det veit du: Å elske nesten som du elskar deg sjølv. Men eg seier deg. Det fins noko som er like stort: Å elska Gud av heile sitt hjarte, heile si sjel, og av alt sitt vit.
Å våge å elske Gud først. Det skal det stort mot til i dag. Det er å reise seg mot mektige krefter. Men for ei glede det blir i himmelen, for ein lyd av sang og klang og dans, når eit menneske vaknar, kjem til seg sjøl og lik den bortkomne sonen seier: Eg lengtar heim. Eg vil snu min veg og begynne å gå mot min Far i himmelen, han som skapte meg og elskar meg.
For eit adventsunder! Eit menneske vaknar og opnar døra på gløtt for Gud. Større opning treng ikkje Den Heilage Ande for å la gneisten av lengt flamme opp til eit levande menneskehjarte som søkjer Gud over alle ting og gjennom alle ting og elskar nesten sin som seg sjøl.
”Kor elskelege dine bustader er”, seier sangaren i Salme 84. ”Mi sjel lengta, ja brann av lengsle etter Herrens tempelgardar”. Etter å kome heim til Fars hus. Og sangaren la i veg. Let seg leie av lengten etter Gud, let seg drive framover av sitt djupe behov, heilt fram, heilt heim. Heilt fram til Alteret, i hjartet og i Guds hus:
”No jublar hjarta og kropp mot den levande Gud. Ja, fuglen har funne ein heim, svala har fått seg eit reir, der ho kan leggja sine ungar, ved dine altar, Herre, allhærs Gud, min konge og min Gud.
Sæle er dei som har sin styrke i deg, dei som lengtar etter å fara opp til templet”.
La oss be med Charles de Foucauld:
Far! Eg gir meg over til deg. Gjer med meg kva du vil. Kva du enn gjer med meg, takkar eg deg. Eg er budd til alt. Eg er med på alt.
Må berre din vilje skje med meg og med alt du har skapt. Eg ønskjer ingenting anna, min Gud. Eg legg livet mitt i dine hender. Eg gir det til deg, min Gud med heile kjærleiken i mitt hjarte.
For eg elskar deg, og det er eit behov for meg å få gi meg å få gi meg over i dine hender utan å halde noko attende med uendeleg tillit, for du er min Far.
Vil du skrive e-post til Geir Gundersen, kan du gjøre det her.
* * *
Oslo Gospelchoir synger "Hellig, hellig, hellig".