p1 Andakten 3_1
Her er du: NRK.no > Programmer > Radio > Andakten Sist oppdatert 13:17
 

Å finne seg sjølv

Kritikarar har kalla kristendommen ein underkastingsreligion. I dag, på Menneskerettsdagen, festar vi menneskeverdet i Gud. Det er vår djupaste identitet, at Han har elska oss fram frå ingenting og vil kvar einaste ein av oss på denne store, vesle kloden, seier Geir Gundersen.

Publisert 10.12.2003 05:00.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Hjelp | Mer lyd og video

Teksten er henta frå Salme 139, 13-18.

God morgon!

Eg veit av eiga erfaring at mine tankar om Gud effektivt kan hindre meg i å få kontakt med han. Tankane i hovudet blir eit fengsel. Og når han verkeleg møter meg i mitt livs erfaringar, forstår eg ikkje at det er Han. Eg kjenner han ikkje igjen, så annleis er han enn den eg har tenkt meg.

I Salme 139 møter vi ein sangar som har latt alle sine tankar om Gud fare og først då møter Gud slik han er, Den verkelege, Den som ingen kjem utanom. ”Anten eg sit eller står, går eller ligg, så ser du det”, seier han.

”Du kringset meg på alle sider. Du har lagt di hand på meg. Kvar skal eg fara frå din Ande. Kvar skal eg røma frå ditt åsyn?”

Skjelvande av age forstår sangaren at anten han stig opp til himmelen eller reier seng i dødsriket, anten han slår seg ned der havet endar eller gøymer seg i det djupaste mørke, så er Gud alt der. For å møte han, for å gjere seg gjeldande som lys og liv.

Men då, når sangaren har gitt opp å gøyme seg for Gud, om det er i fornektinga eller dei religiøse tankane sitt fengsel – då gjer han den neste store oppdaginga. Når han lar seg finne av den Gud som ikkje er til å koma utanom, finn han også den djupaste sanninga om seg sjølv. Han finn seg sjølv i Gud.

”For du har skapt mitt indre, du har vove meg i mors liv. Eg takkar deg fordi eg er skapt på skræmeleg, underfull vis.

Du såg meg di eg var eit foster. Mine dagar fekk si form. Før ein einaste av dei var komen”

Kritikarar har kalla kristendommen ein underkastingsreligion. Men er det slik som vår songar syng, så finn mennesket først seg sjølv når det seier ja til si kjelde, ja til Gud og går han i møte som sitt store Du.

I dag, på Menneskerettsdagen, festar vår songar menneskeverdet i Gud. Det er vår djupaste identitet, at Han har elska oss fram frå ingenting og vil kvar einaste ein av oss på denne store, vesle kloden.

Om nokon har krenka ditt menneskeverd, eller gjer det i denne stund – vit at dei aldri kan slette ut Guds stempel på deg. Og har du trakka på deg sjølv, krenka deg sjølv, kan du alltid vende om til deg sjølv i Gud.

Det er aldri for seint.

Vil du skrive e-post til Geir Gundersen, kan du gjøre det her.

* * *

Anne Hilde og Arve Reigstad synger "Du omsluter mig".



SISTE ANDAKTER

Flere andakter (arkiv fra 2001 fram til i dag)

 

Nettradio

Morgenandakt i opptak

10 SISTE ANDAKTER
Flere andakter
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no