Teksten er henta frå Opb. 22, 16-17.
God morgon!
Det er to dagar sidan 2. søndag i advent. Ingen søndag i kyrkjeåret har hatt eit slikt grep om hjartet mitt som den. Heilt frå eg var barn kjende eg ei særleg glede når eg tenkte på at Jesus ein gong skulle kome att og ordne opp i alle ting. I benken på mitt sunnmørske bedehus la eg heile mi sjel og alle mine barnlege lengsler i sangen om å lytte etter hans steg.
”Se han kommer! Jesus kommer! Fikentreeet står i blommer, vår forløsningstime kommer! Jeg vil lytte etter lyden av hans trinn.
Se, han kommer, han som alle tiders floker løse kan, fredens morgen uten skyer bryter inn!
Ja, han kommer, å min sjel og setter alle ting i stand. Jeg vil lytte etter lyden av hans trinn.”
No er eg ein vaksen mann. No veit eg at denne lengten er meir enn ei barndomskjensle født i bedhusvarmen. No veit at denne songen kjem frå det djupet av hjartet der eg blir eitt med alt levande.
Kom, Herre Jesus! Kom snart, og dryg ikkje! No veit eg at dette ropet er lagt ned i oss. At det er Anden, Den Heilage Ande, som ropar i oss. Eg opnar kropp og sjel og ånd og sinn og sansar for denne tørsten som trenger gjennom alt verande. Eg høyrer orda frå munnen til Barnet som no sit ved Faderens høgre hand: Ja, eg kjem snart! Og eg stemmer i Bibelens aller siste ord: Amen! Kom, Herre Jesus!
Eg ber ikkje på vegne av ei lita isolert sjel. Eg er eitt med alle bortkomne døtre og søner til alle tider. Med dei liv som aldri vart fødde. Med dei som aldri fekk falde ut sitt livs meining. Med dei som kom i klemme, som vart fanga i uløyselege indre og ytre konflikter.
Med alle verkelege offer for verkeleg vondskap. Med dei som blir trakka på og trakka ned. Med psykiatriske pasientar som aldri vart lytta til. Med dei som får sitt indre rom trengt og innsnevra og invadert av destruktive krefter, strukturar og menneske.
Herre, eg trur på deg. Eg trur at du er Alfa og Omega. Eg har lært deg å kjenne som mitt Alfa og Omega. Visst elskar eg livet og denne verda er den einaste eg er fortruleg med. Men no ber eg deg: Forbarm deg over oss. Kom snart. Dryg ikkje. Fullfør det du har byrja.
Vil du skrive e-post til Geir Gundersen, kan du gjøre det her.
* * *
Skruk synger "I den stille, klare morgen".