p1 Andakten 3_1
Her er du: NRK.no > Programmer > Radio > Andakten Sist oppdatert 13:17
 

Tid for å vakne

Det er på tide å feire advent og sleppe fram den djupe lengten i hjartet. Den som ifølgje kristen tru bind truande og vantruande saman. For hugs: trua døyver ikkje lengten, seier Geir Gundersen.

Publisert 08.12.2003 05:00.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Hjelp | Mer lyd og video

Teksten er hentet fra Luk. 21, 34-36.

God morgon!

Det er tid for å vakne no. Det er tid for å legge natta bak seg, same korleis den var, god eller dårleg, og opne seg for det som skal kome, det vi ikkje veit noko om. Det som kjem meg i møte og snart ventar på mitt svar, mi avgjerd.

Det er kanskje på tide å vakne.

Vi har kanskje sove lenge nok. Vi har kanskje sove alt for lenge. Vi har kanskje tenkt altfor mykje på det å sove godt.

Det er på tide å vakne. Det er på tide å feire advent.

Det er på tide å kjenne etter, å vende om og låne øyre til røysta i hjartet, stille eller brusande. Kva er det eg lengtar etter? Kva seier dette suget i mi sjel? Det som, ja nettopp, vekker meg midt på natta eller held meg vaken heile den fjerde nattevakta til morgonen gryr. Det som ikkje gir meg fred.

Det er på tide å feire advent og sleppe fram den djupe lengten i hjartet. Den som ifølgje kristen tru bind truande og vantruande saman. For hugs: trua døyver ikkje lengten. Den falske trua, den sjølsikre trua prøver nok å gjere mennesket tilfreds i hovudet. Men hjartet vil framleis lengte.

Den trua som bor i hjartet, den vidar hjartet ut – så lengten går stendig djupare, denne himmelske tråden som bind alle tider saman og går gjennom alle religionar og all fornekting av religion: lengten etter Han, vårt opphav, vår kjelde, vår heim, vårt mål.

Vak og bed, seier Barnet, som skal bli Menneskesonen og gje seg sjølv til frelse for alt levande. ”Ta dykk i vare”, seier han i dagens ord frå Lukasevangeliet kap. 21. ”Ta dykk i vare og lat ikkje hjarta dykkar tyngast av svir eller drikk eller verdslege suter, så den dagen kjem uventa på dykk, som ei snare… vak kvar tid og stund”.

Sæl er den som vaknar, som slepp taket i alle sine dommar og fordommar, som let alle sine tankar om Gud fare og krev å møte han andlet til andlet: Barnet som er Guds hjarte, ei uendeleg ømheit med alt han skapte og skapar, heilt til stades for deg.

Det er tid no for å feire advent, synge saman med Maria. ”Syng det på kne”, seier Gertrud von Le Fort.

”Syng det som barntunge kvinner: For spe ble den sterke, liten den endeløse, mild ble den veldige, ydmyk den opphøyede… Glede vil jeg tenne ved alle dine menneskelighets grenser. Hilset være hun som bærer Herren!”

Vil du skrive e-post til Geir Gundersen, kan du gjøre det her.

* * *

Nidarosdomens guttekor synger "Pie Jesu". Solister er Viktor Stenhjem og Lars Magnus Steinum.



SISTE ANDAKTER

Flere andakter (arkiv fra 2001 fram til i dag)

 

Nettradio

Morgenandakt i opptak

10 SISTE ANDAKTER
Flere andakter
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no