Teksten er henta frå Hosea 13, 14.
Mine største åndelege opplevingar trur eg nok at har eg hatt gjennom korsang. Det er fantastisk å høyre eit korverk framført i ein stor katedral, og det er endå sterkare å sjølv vere ein del av harmonien eller disharmonien.
Å stå mellom mange andre og synge seg igjennom eit requiem eller ein påske-pasjon er å stupe ned i dei mørkaste dishamoniar berre for å ende ut i lovsang eller stille takk. Desse store religiøse verka er eigentleg åndelege c-moment dersom ein går inn i dei på det planet.
”Or helheims vald vil eg fria dei, frå døden vil eg løysa dei ut. Død, kvar er din pest? Dødsrike, kvar er din sott?”
Paulus tok opp igjen desse orda i eit av sine brev og seinare sette Brahms tonar til det: ”Tot wo ist dein Stachel?” Det er sterkt å utfordre døden slik, sjølv om du berre står i eit kor og syng.
Å lese dei poetiske bibeltekstene på eiga han er óg flott, men desse store og mektige orda har ikkje heilt same snerten i lyset frå nattbordlampen ein mørk novemberkveld. Det er godt slike kveldar å ha opplevd dei store åndelege høgdene.
Eg kan ikkje lese ”Død, kvar er din pest?” utan å assosiere til Brahms. Eg kjenner at desse orda omsluttar meg på ein annan måte når dei ein gong har kome til meg gjennom samklangen med menneske som eg bryr meg om, i ein fritidsaktivitet som eigentleg skulle kople meg av frå arbeidet med å formidle bodskapen om frelse til menneska. Dei berre kom, brende seg fast og blei ein del av trua mi.
Det er bra, for det er i grunnen ikkje ord som kan forklarast, dette: ”Død, kvar er din pest?” Eg trur det må opplevast, på ein eller annan måte. Dei som har prøvd å kjempe med sjukdom og død - og vinne, slik heilt konkret, har sikkert sterke historier å fortelle til tru og oppmuntring. Andre igjen har erfaringar med å slåss mot døden utan å vinne. Kanskje kan desse orda vere til trøst også i den erfaringa, men det blir nok på eit endå djupare plan.
”Or helheims vald vil eg fria dei, frå døden vil eg løysa dei ut..”
I eit slikt perspektiv blir sjølvsagt mi musikalske erfaring lettkjøpt. Men, det er den eg har og den har gjort orda til ”mine”. Når og korleis eg får bruk for dei seinare i livet, det veit eg jo ikkje, men eg ber dei i alle fall med meg i Brahms sin versjon - inntil vidare.
---
Det blir spilt fra Johannes Brahms "Ein deutsches Recuiem" framført av Slovak Philhrmonic kor og korkester.