Teksten er henta frå Salme 98.
Vi har ei fantastisk samling av gamle salmar i Bibelen; Davidssalmane. Eg synest i alle fall den er fantastisk, men det er slett ikkje alt i desse salmane som fell naturleg i munnen til eit menneske i 2003. Det er mykje som er annleis no. Eg trur det er vanskelegare å leve ut si eiga religiøse overtyding på ein så hengiven måte som dei gjorde i gamal tid.
Vi veit så mykje. Det blir så mange om og men og så mange hensyn å ta. Både vitskapen og kravet om toleranse overfor dei som trur annleis legg demparar på den religiøse utfoldelsen, og sånn må det nok vere. Det betyr ikkje at Gud blir borte for oss, men vi blir kanskje litt meir stillferdige og dermed kanskje litt – gjerrige i vår lovsang.
Det er ikkje sikkert dei song så høgt og fritt før i tida heller. Det var songar til tempel-bruk den gongen som no, men dei hadde kanskje større mot til å ta heile skaparverket inn i lovsangen og kanskje gav det større frimod til å kvile Guds rettferd. Vi har det jo med å problematisere den til den liknar skræmande mykje på vår eiga.
I den Gamaltestamentlege forståingsverda var Guds rettferd det ypperste av miskunn og truskap. Den hadde ikke med forteneste å gjere, på den måten vi er vande til å tenkje. Det gir eit litt anna perspektiv også til dei gamle salmane. Dersom Guds rettferd eigenleg er summen av hans kjærleik, då syng eg gjerne med:
Syng ein ny song for Herren. Syng ein ny song for Herren, syng for han, all jorda! Syng for Herren, pris hans namn, forkynn frå dag til dag hans frelse! Fortel mellom folkeslag om hans herlegdom, mellom alle folk om hans under!
Ja, stor og høglova er Herren, meir ageleg enn alle gudar. Alle gudane åt folka er ingenting verde. Det var Herren som skapte himmelen. Høgd og herlegdom er framføre han, makt og glans i hans tempel. Gjev Herren ære og makt, gjev han ære og makt, de folkeætter!
Gjev Herren den ære hans namn skal ha! Kom med offergåver til hans tempelgardar! Bøy dykk ned for Herren og tilbed han i heilagt skrud! Skjelv for hans åsyn all jorda!
Sei mellom folka: Herren er konge; ja, fast står verda, ho kan ikkje rikkast. Han dømer folka med rettferd. Himmelen skal gjleda seg, jorda skal jubla, havet og alt som er i det, skal brusa.
Marka og alt det ho ber, skal jubla, kvart tre i skogen skal ropa av fryd. Dei skal ropa for Herren han som kjem; han kjem og vil døma jorda. Han skal døma verda med rettferd og folka med truskap.
---
Salmemelodien "Overmåde full av nåde" blir spilt av Iver Kleive og Knut Reiersrud.