Teksten er henta frå 1. Kor 15, 24-28.
Eg er glad i det religiøse billedspråket, men av og til har eg opplevd at ord og uttrykk blir heilt meiningslause og ikkje har noko feste i livet mitt.
Det er opplagt at der er ein del fenomen, opplevelsar og tankar som sprengjer dei vanlege orda og krev heilt spesielle, og kanskje litt svevande uttrykk. Dei som best greier å formidle slike fenomen er poetane. Dei som kan å sette saman ord, slik at dei kan formidle sanningar eller stemningar som vi andre ikkje greier å finne ord for.
Vi som ikkje er poetar, men skal forkynne om Gud står ofte med alt for store eller alt for små ord i hendene. Det er ikkje alltid lett å formidle Kristus – han som var det minste og det største: lite og nakent menneskebarn og stor og evig domar over verda. Den fyste og den siste – Alfa og Omega.
Det er vakre ord, men det kan bli søkt og sært. Dersom vi ikkje evner å opne slike metaforar, kan dei fort forsteine seg og bli til det vi kallar kanaan-språk - religiøse bilete og uttrykk som ein berre brukar utan at dei eigentleg - lever. Men, det er noko med desse uttrykka som er utruleg sterkt dersom ein tek imot dei anten det no er med intellekt eller kjensler. Dersom ein tek dei med seg, grunnar på dei og prøvar dei på livet så har i alle fall eg opplevd at dei etter kvart fyllest av erfaringar og erkjenningar.
Å forkynne handlar ofte om å leite etter ord og samansetningar av ord som kan formidle ting ein ikkje ein gong har klarheit i sjølv. Speglar og gåter, som Paulus sa. Han kjende nok på sine eigne begrensningar han óg, sjølv om han fann fram til mange og gode ord om det som vi ikkje heilt forstår.
”Men når alt er han underlagt, skal óg Sonen sjølv gje seg inn under Gud som har lagt alt under han, og Gud skal vere alt i alle.”
Dette at han ein gong skal ”vere alt i alle” er ein av dei metaforane som er poetisk og som kanskje kan virke meiningslaus, men den treff heilt klart ei oppleving eg har av livet. Den finn feste. Eg både veit og kjenner at sjølv om eg er teolog, så har eg berre sett og forstått små glimt av Gud til no – speglar og gåter, ord og opplevelsar, menneske eller natur som fomidlar noko om kven han er. Men, desse glimta skaper ein lengsel etter heilheit – etter ein gong å sjå heile bildet, kjenne at alt fell på plass rundt meg og i meg. Dersom du og har det slik, så kan vi vel tenkje oss at han ein gong skal ”fylle alt i alle”.
---
Oslo Gospelchoir synger "O Jesus, du som fyller alt i alle."