Jesus møtte ulike menneske der dei var. Han trøsta dei redde og refsa dei sjølvtrygge, og det er ingen grunn til å tru at det var spel for galleriet. Eg trur han visste kva som skulle til for å få kvart enkelt menneske dit han ville ha dei, seier Ingeborg Overvoll.
Teksten er henta frå Johannes openberring 22, 12-17.
Med kulden og mørketida kjem altså dei hardaste og mest skræmande tekstene om dom og fortaping. Kyrkjeåret er lagt opp på den måten. Det er brutalt og for den som ikkje veit om denne dramaturgien, men som litt tilfeldig ramlar innom ei gudsteneste eller ei raidoandakt, blir det sjølvsagt ekstra ille. Kanskje bekreftar det ei oppleving av at kyrkja, og for den skuld Gud, fyrst og fremst er fordømande og hard.
”Sjå, eg kjem snart og mi løn har eg med meg; eg vil gje kvar og ein att etter det han har gjort”
Det ligg ei dobbelheit i bibeltekstene, som ingen av oss greier å finne heilt fram i; det er konflikten mellom tilgjeving og frelse på den eine sida og trugsmålet om dom og fortaping på den andre. Korkje dei som berre forkynner dom og straff eller dei som berre snakkar om fred og kjærleik har sitt på det tørre, dersom dei skal vere heilt ”bibeltru”. Det står om begge deler. Teologane har streva med det heilt frå starten. Evangeliet heng ikkje i hop for den menneskelege tanken.
På ein måte synest eg nettopp dét er betryggande. Dersom oppskrifta låg der klar og tydeleg og så enkel at menneska kunne forstå den heilt ut, då trur eg vi ville greidd å misbruke den endå meir en vi allereie gjer.
Anten domen var iskald eller tilgjevinga grenselaus er eg sikker på at menneska ville brukt det til sin fordel. Det gjer vi no óg, men der er alltid korrektiv og usikkerheit slik som evangeliet no framstår. Ingen kan påberope seg å kjenne den endelege slutten på denne verda. Det einaste vi kjenner er domaren og at vi veit at han er sint og kjærleg.
Det er svært ulikt kor greitt eller ikkje greitt vi synest det er å leve med denne dobbelheita. Eg veit at for somme menneske er det eit mareritt som stadig skaper angst og uro. Andre tenkjer ikkje på det i det heile tatt. Eg trur nok dette fell saman med kven som generelt er engsteleg og kven som tek livet meir som det kjem og håpar på det beste. Ingen forkynnar kan forandre at vi opplever dette ulikt.
Der er inga standard-løysing, men vi kan legge merke til kva Jesus gjorde. Han møtte ulike menneske der dei var. Han trøsta dei redde og refsa dei sjølvtrygge og det er ingen grunn til å tru at det var spel for galleriet. Eg trur han visste kva som skulle til for å få kvart enkelt menneske dit han ville ha dei: åpent og ærleg framfor seg. Det held han vel på med enda.
----
Gruppa Grex Vocalis synger "De stolte skal bøye sin nakke" av Sigvald Tveit og Eyvind Skeie.