Feig, utrygg og egoistisk er tjuven – ofte driven av si eiga fornedring. Den som bryt seg inn og stel, er nesten alltid redd – eller i alle fall uroleg. Det set seg i kroppen, seier Ingeborg Overvoll.
Teksten er hentet fra 1. Tess 5, 1-6.
Domedag har virkeleg utfordra fantasien og bildebruken opp igjennom tidene. Ein plass i Bibelen blir denne dagen samanlikna med ein av dei feigaste, mest utrygge og egoistiske skikkelsane som finst: ein tjuv som bryt seg inn om natta.
Det er ikkje Jesus sjølv som seier det, men biletet av tjuven tek nok utgangspunkt noko han har sagt. Nemleg at ingen kjenner dagen og timen og at vi må vere forberedt når menneskesonen kjem.
No fram mot advent spissar denne bodskapen seg i alle tekster, salmar og bøner i kyrkja. Det er slik kyrkjeåret er bygd opp. Den siste søndagen i kyrkjeåret er domssøndagen. Det er ein vanskeleg dag. Einaste lyspunktet er at vi skimtar frelsaren i krybba ikkje så langt der framme. Slik kan vi seie at kyrkjeåret eigentleg ikkje har nokon slutt eller nokon begynnelse, for det var jo nettopp trugsmålet frå dommen og døden som gjorde at frelsaren måtte kome.
Derfor går vi aldri heilt til botnen. Vi går ikkje mot domssøndags kveld utan trua på ein mandags morgon. Det hadde vi ikkje tolt. Dei som prøvar, sjølv om det berre er i fantasien, blir anten sjuke eller brutale. Det er ein sterk påstand, men eg står ved den. Kanskje er det eit snev av det vi ser hjå apostelen? Han har noko viktig å seie, men han har ikkje språk til å beskrive domen utan å bruke ord som på ein måte krenkar Guds heilagdom.
”De veit godt at Herrens dag kjem som ein tjuv om natta.”
Feig, utrygg og egoistisk er tjuven – ofte driven av si eiga fornedring. Den som bryt seg inn og stel, er nesten alltid redd – eller i alle fall uroleg. Det set seg i kroppen. Det er svært menneskelege eigenskapar han brukar i denne skildringa av domedag. Eigenskapar vi kjenner så altfor godt og som derfor blir vanvittig skræmande i eit slikt perspektiv. Som om domen låg i slike veike og sjelvande hender.
Orda står der og apostelen har ein viktig bodskap: Vi har ikkje kontroll. Vi kan ikkje bestemme Guds timeplan og vi kan ikkje beskytte oss mot konsekvensane av det vi har gjort. Slik sett fungerer biletet godt. Det går ikkje an å lure seg unna si eiga historie - eller verdshistoria for den del. Gud har tilgang til vårt hus og mykje av det som foregår der, det likar han ikkje.
Eg trur nok han kjem ein dag. Han har sagt det og han kan ikkje la vår vondskap råde til evig tid. På ein eller annan måte må han stoppe den, men ein ting er eg sikker på: han er korkje feig, utrygg eller egoistisk. Det har han vist før.
------
Sveinung Hølmebakk synger "Å, kor djup er Herrens nåde."