p1 Andakten 3_1
Her er du: NRK.no > Programmer > Radio > Andakten Sist oppdatert 13:17
 

Lykkelege kjendisar?

Det merkelege er at kjendisane sjeldan er lykkelege og tilfredse menneske. Kor mange av dei strevar ikkje med mangel på meining, med alkoholproblem, med einsemd midt i medias rampelys? spør Helge Standal.

Publisert 18.09.2003 06:00. Oppdatert 22.09.2003 07:04.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Hjelp | Mer lyd og video

Moder Theresa – der er vel få menneske som har blitt så høgt respektert og anerkjent som henne. For nokre år sidan var eg i Calcutta, og det var et sjokk å sjå fattigdommen, sjå alle tiggarane. Og enno kan eg huske lukta, sjå for meg skitten og dei mange forkrøpla og sjuke menneska.

Da eg gjekk i gatene, merka eg etter kvart at eg ikkje klarte å sjå tiggarane inn i auga, eg unnveik blikka deira. Det var for vanskeleg å sjå inn i ansikt etter ansikt av hjelpelause og fortvila menneske. Men inn i denne verkeligheita og blant dei som var lengst nede, arbeidde Moder Theresa, ho hadde som sitt kall å ta seg av dei døyande. Dei mest illeluktande, dødssjuke menneske. Ho gjorde det fordi ho elska dei.

Ein gong sa ho: "I dei tjue åra eg har arbeidd her i Calcutta, er det blitt klart for meg at det verste som kan hende eit menneske, er å vere uønska. I dag finst det medisinar og behandling for nesten alle slags sjukdommar. Men det å vere uønskt kan aldri helbredast, trur jeg, dersom det ikkje finst ei hand som er villig til å tene og eit hjarte som vil elske slik Jesus gjorde. Det er dette vi arbeider for."

Eit hjerte som vil elske slik Jesus gjorde. Bibelen utfordrar oss til å gjere det – slik vi høyrer i dagens bibelvers:

Og det eg no legg deg på hjartet, er ikkje eit nytt bod som eg kjem med. Det er det bodet vi har hatt frå første stund: Vi skal elska kvarandre.

Det betyr ikkje at du må reise til Calcutta. Det er mogeleg å begynne der vi er, dei menneska vi vil møte i løpet av denne dagen - på jobb, på skule, i fritid.

Og eg trur: Det å elske andre gjer noko med deg.

Alle respekterer menneske som tener andre, slik f. eks. Moder Theresa gjorde. Derimot er det vel få som misunner dei. Vi misunner heller dei rike, kjendisane, dei berømte og populære. Men det merkelege er at kjendisane sjeldan er lykkelege og tilfredse menneske. Kor mange av dei strevar ikkje med mangel på meining, med alkoholproblem, med einsemd midt i medias rampelys?

Dei som derimot bruker livet til å tene andre, som lever i fattigdom eller i alle fall utan dei luksusartiklane vi trur er nødvendige, dei fortel ofte om eit liv fullt av glede og fred. Gjennom å elske andre, har dei sjølve fått erfare ein kjærleik som har gjort livet rikt.

Dei som møtte Moder Theresa, seier alle ein ting: Det strålte av henne. Er det ein løyndom her som vi har gløymt? Når Gud seier at dette er det største bodet, så trur eg han veit: Den som elskar, gjer ikkje berre godt mot andre, han får erfare ei djup meining og ei velsigning sjølv også. For Gud er kjærleik, og han skapte oss til å elske – seg – og kvarandre.

Vil du skrive e-post til Helge Standal, kan du gjøre det her.



SISTE ANDAKTER

Flere andakter (arkiv fra 2001 fram til i dag)

 

Nettradio

Morgenandakt i opptak

10 SISTE ANDAKTER
Flere andakter
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no