p1 Andakten 3_1
Her er du: NRK.no > Programmer > Radio > Andakten Sist oppdatert 13:17
 

Tid for å tilgi

Tilgiving er den einaste vegen ut av bitterheit og hemntankar. Kanskje er dette dagen da du skulle gå nokre skritt i det å be om tilgiving eller sjølv å tilgi den som har gjort noko gale mot deg? spør Helge Standal.

Publisert 17.09.2003 06:00.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Hjelp | Mer lyd og video

Forfattaren av boka “The Liar’s Club” - Mary Kerr – fortel om onkelen sin i Texas, som ein dag hadde ein kraftig krangel med kona om kor mykje pengar ho brukte på å kjøpe sukker. I 40 år etter at dei harde orda var sagt, levde dei saman, men han sa aldri et ord meir til henne. Ein dag tok han fram vedsaga og saga huset i to halvdelar, spikra plankar på opningane og drog den eine halvdelen eit stykke bort på tomta. Og der bodde dei, mann og kone, i kvart sitt halve hus, resten av livet.

Det er ei historie som nesten verkar utruleg – eg tenkjer: Korleis kan ein slik liten bagatell – om sukker - føre til så mykje vondt?

Problemet er at når bitterheit får slå rot, så veks ho. Når hemntanker får pleie og næring, så veks dei og kan ødeleggje resten av livet for oss. Det kan godt hende onkelen hadde rett om sukkerforbruket – eg veit ikkje – men eg veit kva det kosta han: Et langt liv i bitterheit og einsemd. Var det verdt det? Dersom han er ærleg – så ville han truleg seie nei. Men bitterheita hadde sett seg fast og stoltheita hindra han i å gjere noko med det. Det kosta for mykje å be om tilgiving eller å gå dei første skritt.

Jesus kjem med nokre sterke ord i dagens tekst frå Bibelen:

De har høyrt det er sagt: Auga for auga og tann for tann. Men eg seier dykk: Set dykk ikkje imot den som gjer vondt mot dykk. Om nokon slår deg på høgre kinnet, så vend òg det andre til. Vil nokon saksøkja deg og ta skjorta di, så lat han få kappa òg. Tvingar nokon deg til å fylgja han ei mil, fylg han to.

De har hørt det er sagt: Auge for auge og tann for tann. På ein måte høyres det rimeleg ut, den som har gjort meg så vondt skal verkeleg få igjen! Men kva skjer dersom dette prinsippet får råde mellom oss? Til slutt blir heile verda blind. For vi sviktar og vi gjer gale ting, stadig vekk. Dersom vi skulle få igjen for alle våre feiltrinn, da ville verda blitt ein hard stad å leve.

Derfor er tilgiving den einaste vegen ut av bitterheit og hemntankar. Kanskje er dette dagen da du skulle gå nokre skritt i det å be om tilgiving eller sjølv å tilgi den som har gjort noko gale mot deg? Det kostar. Det er ikkje enkelt og lettvindt, ofte tar det lang tid og nokon gonger trengs det hjelp av ein god sjelesørgjar eller rådgivar.

Jesus viste oss et eksempel gjennom sitt eige liv, han tilgav også dei som torturerte og pinte han, dei som hang han på et kors. Men han har gitt oss meir enn eit eksempel, også når vi har gjort vondt mot han og brote hans vilje, så møter han oss med tilgiving og miskunn når vi ber han om det. Og når eg får sjå kor mykje Jesus har tilgitt meg, ja, da erfarer eg at det andre har gjort mot meg blir lettare å tilgi.

Vil du skrive e-post til Helge Standal, kan du gjøre det her.



SISTE ANDAKTER

Flere andakter (arkiv fra 2001 fram til i dag)

 

Nettradio

Morgenandakt i opptak

10 SISTE ANDAKTER
Flere andakter
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no