p1 Andakten 3_1
Her er du: NRK.no > Programmer > Radio > Andakten Sist oppdatert 13:17
 

Å hemne seg

Det er ei utfordring å vere barmhjertig og god når ein har sigra over sine fiendar. For da har ein makt til å hemne, til å ta igjen for all den liding og vondskap desse fiendane har påført ein sjølv, familien, landet, og mange er bitre og hatefulle, seier Helge Standal.

Publisert 16.09.2003 06:00.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Hjelp | Mer lyd og video

"Krigens brorskap" - TV-serien om 2. verdenskrig har fasinert meg. Ein spennande og sterk serie om kompani Easy som kjempar seg fram gjennom Frankrike. I ein av dei første episodane blei det antyda ein situasjon der tyske fangar blei skotne.

Dei hadde overgitt seg, blitt avvæpna, og likevel blei dei skotne rett ned. Kjente kor det opprørte meg. For sjølv om det heiter i et ordtak at ”I krig og kjærleik er alt tillatt”, så reagerer vi når fangar blir mishandla, torturert eller drept. Heldigvis har vi internasjonale reglar for behandling av krigsfangar, og Røde Kors gjer en viktig jobb i å følgje med.

Men i sigerrusen er det ikkje alltid så lett å halde tilbake raseri og hemntankar. Berre tenk på oppgjeret etter 2. verdenskrig her i Norge, - det er mange som ser tilbake på dei første vekene etter krigen med skam for nokre av dei tinga som blei gjort.

I dagens tekst frå Bibelen les vi om behandling av krigsfangar. Isralittane hadde vunne ein stor siger over folket i Judea, dei hadde tatt 200.000 fangar, inklusiv kvinner og barn. Og dei planla ikkje akkurat ei god behandling av desse fangane. Men ein profet som heitte Oded får stoppa dei, – og i staden for å gjere vondt, så les vi:

Da sleppte krigarane fangane fri og gav frå seg det hærfanget dei hadde røva, midt for auga på hovdingane og heile folkehopen. Og dei tok seg av fangane. Dei tok klede av hærfanget og hadde på alle som var nakne. Dei gav dei både klede og skor, mat og drikke og salva dei. Alle som hadde vondt for å gå, sette dei på esel og førte dei til landsmennene deira i Jeriko.

Det er ei utfordring å vise barmhjertighet og godleik når ein har sigra over sine fiendar. For då har ein makt til å hemne, til å ta igjen for all den liding og vondskap desse fiendane har påført ein sjølv, familien, landet, og mange er full av bitterheit og hat.

Borgarkrigen i USA var ein av dei bitraste og hardaste krigane i historia, bitter fordi kjenslene var så sterke. Da nordstatene hadde sigra, blei president Abraham Lincoln spurt om korleis dei skulle behandle dei besigra sørstatene. Han svara: “Som om dei aldri hadde vore skilde frå oss.”

Det er slik Gud vil at vi skal behandle kvarandre. Og Gud viser sjølv dette sinnelaget mot oss. Vi hadde vendt han ryggen og gjort opprør mot han, blitt hans fiendar, seier Bibelen. Men i Romarbrevet står det: ”Medan vi endå var fiendar, vart vi forsona med Gud da sonen hans døydde.”

Da vi enda var Guds fiendar – så rekte Gud fram ei forsonande hand, for å kle oss opp, salve oss med miskunn og godleik, for å føre oss ut av mørket si makt og heim til seg.

Vil du skrive e-post til Helge Standal, kan du gjøre det her.



SISTE ANDAKTER

Flere andakter (arkiv fra 2001 fram til i dag)

 

Nettradio

Morgenandakt i opptak

10 SISTE ANDAKTER
Flere andakter
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no