Ein mann kom ut frå kontoret sitt ein sein kveld, gikk bort mot parkeringsplassen der bilen hans stod parkert. I det han nærmar seg, ser han ein skygge som heng over bilen, og han spring bort og grip denne personen i armen. Til si forundring ser han at det er en spinkel, ung gut på omtrent 11 år som litt redd og engsteleg seier: “Eg gjorde ikkje noko galt, eg ville bare sjå på bilen”.
Mannen trudde han ikkje, men han sa: “Ja vel, hvis du er så interessert, kva slags årsmodell og merke er det?” Gutten visste alt om bilen, så mannen forstod at han snakka sant. Dei begynte å prate sammen, og gutten spurde: “Kor mykje kosta han?” “Ingenting,” svarte mannen, eg har ikkje kjøpt han. “Har du stole han?” “Nei, bror min ga han til meg.” Og gutten sukka; Å, eg skulle ønske..... Mannen avbraut han og sa: Eg veit kva du skulle sei, du skulle ønske du hadde en slik bror.
Nei, sa gutten. Det eg hadde tenkt å sei var: Eg skulle ønske eg kunne vært ein slik bror.
Og så fortsatte gutten å fortelle om en sjuk, eldre bror som var heime, kor han drømte om å eige ein bil og kor gjerne han ville hjelpe han.
Å ønske det gode for andre, å ønske å kunne vere ein bror, ei søster, ein venn – som ser andre sine behov og som tenker på kva som er godt for andre – det er det dagens bibeltekst handler om. Bibelen er utrulig praktisk i sine formaninger, og eg tenker: "Kor mykje bedre ville ikkje det ha vore i vårt nabolag og på våre arbeidsplasser dersom dette var måten vi levde på?" Høyr kva Paulus skriv i Romarbrevet kap. 12:
Elska kvarandre inderleg som sysken, og set dei andre høgare enn dykk sjølve. Ver ikkje lunka i dykkar iver, ver brennande i Anden; ten Herren! Ver glade i vona, tolmodige i trengsla, trottige i bøna. Ver med og hjelp kristne som lid naud, og legg vinn på å vera gjestmilde. Velsigna dei som forfylgjer dykk, velsigna og forbanna ikkje. Gled dykk med dei glade, og gråt med dei som græt.
I det daglige handler det ikkje om å gi vekk biler, men heller om å gjere dei små tinga som oppmuntrer og som gleder. Dei tinga som kan vere til hjelp og stykre i kvardagen – der vi møter små og store utfordringer og problem. Av og til gjer vi dette for vanskeleg.
Vi er redde for kva naoben eller arbeidkollegaen vil seie dersom eg tar kontakt? Eller sender en blomst? Eller gir en klem? Eg hørte ei fortelling om ei lita jente som mista si venninne da ho døde. Ein dag fortalde ho familien sin at ho hadde gått for å besøke mora til venninna for å trøste henne. Kva sa du til ho, da, spurde dei. Ingen ting, svarte ho, eg bare klatra opp på fanget og gret sammen med henne.
Ho hadde skjønt det – og ho gjorde noko med det. Slik sett kan ho få vere et forbilde for oss i dag – til å våge å gå nokon skritt i det å være en bror eller ei søster for nokon.
Vil du skrive e-post til Helge Standal, kan du gjøre det her.