p1 Andakten 3_1
Her er du: NRK.no > Programmer > Radio > Andakten Sist oppdatert 13:17
 

Ingeborg Overvoll: Ei betre framtid

Framtidshåpet har bore menneska igjennom i uminnelege tider, og ikkje minst har det meir enn noko anna, inspirert dei til å bruke fridomen slik den var tenkt – til gode ting. For i utgangspunktet er fridomen vakker, seier Ingeborg Overvoll.

Publisert 08.05.2003 06:00. Oppdatert 30.05.2003 08:17.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Hjelp | Mer lyd og video
ALT OM:

Teksten er henta frå Salme 126.

”I have a dream”.... Dersom du ikkje veit kven som sa det, bør du bruke denne dagen – frigjeringsdagen – til å finne det ut. Det er draumen om fridom det handlar om. For den som ikkje har fridom vil denne draumen vere heilt konkret.

Det vil handle om å styrte brutale leiarar om å forsvare seg mot okkupasjon eller om å skaffe seg økonomisk fridom. Då blir draumen ofte dyr og blodig og det kan vere vanskeleg å finne vegen og dei gode løysingane.

Vi som har arva eit tilnærma fritt samfunn kan koste på oss eit større perspektiv. Fridom og likeverd er ikkje eit sjølvsagt gode i denne verda. Det må haldast oppe og det må forankrast djupt, djupt i kvart menneske dersom det skal vare. Vi må også halde draumen levande, sjølv om den kanskje akkurat no er mest presserande i andre delar av verda. Draumen om fridom er like gamal som mennska og vi finn den omtala langt, langt tilbake, i dei eldste skriftene vi har:

”Då Herren snudde Sions lagnad, var det for oss som ein draum.”

Draumen om fridom må ikkje bli berre bli vakre ord. Då har den ingen verdi, men vi treng store perspektiv – veldig store perspektiv og veldig gode ord. Vi treng store perspekiv, for kven som er herskar og kven som blir undertrykt, det skiftar så fort og i kjølvatnet av frigjering kjem ofte hemn, ny grådigheit og ny undertrykking. Kven er overgripar og kven er offer når historia er så lang og så brokete? Går det an å finne svar og rettferd?

Vi treng å forstå at draumen om fridomen er Guds draum, at den er det opprinnelige, det som Gud hadde tiltenkt alle menneske. Det var jo dét som var det store vågestykket og sjølve uttrykket for hans grenselause kjærleik; at han gav oss fridomen.

Det finaste av alt - og det dyraste. Han tok ein vanvittig sjanse og av og til, når det blir for vanskeleg, greier vi ikkje å la vere å kritisere Han for det. Kvifor ordnar Han ikkje opp i si allmakt? Kvifor tek han ikkje fridomen vår tilbake?

Vi finn ikkje noko endeleg svar på dette her i denne verda. I alle fall har ingen greidd det til no. Det svaret vi har er håpet om ei betre framtid.

”Dei som sår med tårer skal hausta med glederop. Gråtande går dei og sår sitt korn, med fagnadrop skal dei koma og bera sine kornband.”

Det kjennest av og til tafatt å legge svaret inn i ei fjern framtid, men det treng ikkje vere det. Framtidshåpet har bore menneska igjennom i uminnelege tider, og ikkje minst har det, meir enn noko anna, inspirert dei til å bruke fridomen slik den var tenkt – til gode ting, for i utgangspunktet er fridomen vakker.

Vil du skrive e-post til Ingeborg Overvoll, kan du gjøre det her.


Siste saker:

SISTE ANDAKTER

Flere andakter (arkiv fra 2001 fram til i dag)

 

Nettradio

Morgenandakt i opptak

10 SISTE ANDAKTER
Flere andakter
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no