p1 Andakten 3_1
Her er du: NRK.no > Programmer > Radio > Andakten Sist oppdatert 13:17
 

Ingeborg Overvoll: Å vere stor

Det er vanskeleg å undertrykke egoismen, og det er vanskeleg å stole på audmjukheita. Ingen av delene fell vel naturleg for oss sjølv om vi trur på Jesus. Det er derfor vi trur på Jesus, seier Ingeborg Overvoll.

Publisert 07.05.2003 06:00. Oppdatert 30.05.2003 08:18.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Hjelp | Mer lyd og video
ALT OM:

Teksten er henta frå 1. Peter 5, 1-4.

Å gi evangeliet vidare etter at Jesus forlot denne verda har vist seg å vere ei vanskeleg oppgave heilt frå starten av. Allereie i den fyrste brevvekslinga mellom dei fyrste kyrkjeleiarane ser vi at typiske menneskelege svakheiter kjem inn og forstyrrar. Det blei fort eit spørsmål om posisjonar.

Faktisk så begynte det endå før: Disippelflokken på tolv menn var meir enn stor nok til å sette i gang dei klassiske spekulasjonane om kven som var størst, nærast og mest viktig.

Så lenge Jesus var der, blei desse spekulasjonane punktert og avvist på den måten berre han kunne. Han opna perspektiva og fekk dei til å sjå kor meiningslause slike spøsmål blir når ein har med frelsa og evigheita å gjere. Så vaska han føtene deira.

Seinare, når dei sjølve måtte ta over roret, kan vi merke at dei faktisk førte vidare noko av den milde autoriteten han hadde vist dei. Å bli vaska av Jesus var nok ei oppleving som sette seg fast. Peter hadde prostestert på denne markeringa, i anstendigheita sitt namn. Det forstår eg godt, men han slapp ikkje unna. Seinare skreiv han til dei eldste i kyrkjelydane og formana dei om å vere audmjuke.

”Gjer dykk ikkje til herrar over den kyrkjelyden som de har fått ansvar for, men ver eit føredøme for hjorda. Ha tilsyn med henne, ikkje av tvang, men av fri vilje, så som Gud vil....."

Det ligg ei utruleg utfordring i å føre vidare det forbildet Jesus gav når han vaska føtene til læresveinane sine. Eg trur ikkje vi skal henge oss så mykje opp i akkurat vaskinga. Det blir i overkant framandt for oss, men det handlar om å bruke autoritet til å tene framfor å herske.

Det fins dei som har prøvd. Mahatma Ghandi for eksempel, sjølv om han tilhøyrde ein anna tru. Han vart drepen – han óg. Det blir vel for sterkt. Det avslører makta på ein alt for grell måte. Når nokon som er større enn deg gjer seg mindre, blir du ståande der veldig tydelig - på godt og vondt.

Vi som har teke på oss å forkynne vidare det Jesus sa og gjorde, har ikkje sjølve greidd å følge etter han i den lavmælte kampen mot makt og overgrep. Vi prøvar, som Peter, å formane kvarandre når vi ser at det ber for gale avstad, men det er vanskeleg.

Det er vanskeleg å undertrykke egoismen, og det er vanskeleg å stole på audmjukheita. Ingen av delene fell vel naturleg for oss sjølv om vi trur på Jesus. Det er derfor vi trur på Jesus.

Vil du skrive e-post til Ingeborg Overvoll, kan du gjøre det her.


Siste saker:

SISTE ANDAKTER

Flere andakter (arkiv fra 2001 fram til i dag)

 

Nettradio

Morgenandakt i opptak

10 SISTE ANDAKTER
Flere andakter
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no