Teksten er henta frå .1 Mos. 14,17-20.
Denne siste dagen i mars, den første dagen i livet ditt frå no av, ein dag med eit enno ukjent innhald, den første i rekka av dagar med eit enno ukjent tal.
Velkomen til sjå denne dagen og dagane som skal komme i lys av fortellinga om Abram som vart til Abraham og hans forunderlege møte med prestekongen Melkisedek. Abraham, frå Ur i Kaldea, landet mellom Eufrat og Tigris, i det som no er herja av krigen, Abraham, eg brukar det namnet vi kjenner på ættefaren til Midt-Austens folk, det namnet han fekk fordi han gjekk den vegen han vart kalla til å gå.
Abraham er meir enn far for jødar og arabarar, han er far og førebilete for alle menneske som må bryte opp frå heimlandet sitt og gi seg på veg til nytt, ukjent land.
En dag høyrde Abraham ei røyst han ikkje kunne overhøyre, ein dag sa Herren til Abraham: Far ut or landet ditt, bort frå folket og farshuset ditt til det landet eg vil syna deg! Eg vil gjera deg til eit stort folk, eg vil velsigna deg og gjera namnet ditt stort. Og du skal verta til velsigning! Abraham braut opp, dreven av røysta, i eit stort sprang av tillit, i ein alder av 75 år, ga seg på veg, på tvers av alle fornuftige kalkyler, i samsvar med Guds lovnad.
Det vart ein veg, lik dei fleste livsvegar, med høgder og djupner, med krig og fred, med full stans og nye byrjingar. Men også med nokre store overraskingar. Ei av overraskingane på Abrahams veg heitte Melkisedek. Han var konge i byen Salem og ein potensiell fiende av inntrengjaren Abraham.
Men når Melkisedek går Abraham i møte, har han ikkje våpen i hendene, men brød og vin. For Melkisedek ser ikkje i Abraham ein motstander som må nedkjempast. Han ser eit menneske som lik han sjølv prøver å følgje Guds røyst.
Og ut av Melkisedeks munn kjem inga forbanning, men vakre ord som saman med brødet og vinen blir mat for Abraham, mat han treng på vegen vidare: "Velsigna vere Abram av Den Høgste Gud, han som skapte himmel og jord". Og Abraham svarar med å bøye seg for Melkisedek og gje han tiende av alt han eig.
Så fatt mot, gode medvandrar. Gå vegen din i tru, din livsveg gjennom ukjent landskap. Du skal få den maten du treng, korkje meir eller mindre. Og når den kjem som velsigning frå uventa hald, ta imot med takk. Sjå Guds andlet i dei hjelparane du ikkje hadde rekna med. Det er Han, Den Høgste Gud, som leier deg mot målet for livet ditt.
Vil du skrive e-post til Geir Gundersen, kan du gjøre det her.