Det skjedde i dei dagar - laurdag 14. desember
Eg er vaksen opp i eit vestlandsk indremisjonsmiljø. Da høyrde eg mange forteljingar frå Bibelen. Det seier politisk redaktør i Aftenposten, Harald Stanghelle.
Han og Helge Gudmundsen tar utgangspunkt i forteljinga der Jesus fortel om at Gud kler liljene på marka og seier at menneska heller ikke skal vere redde for morgondagen. Det munnar ut med at vi først og fremst skal søkje Guds rike, så kjem alt på sin rette plass.
Dette er ein kraftig bodskap. Bergpreika er Jesu store programtale. Her finn vi flere sterke Jesus-ord, og eg kjenner igjen den kristendommen eg er vaksen opp i, seier Stanghelle.
Det er ikkje slik i dag at folk først og fremst søkjer Guds rike. Det er eit kraftig oppgjer med det materielle og alt det ein trur ein treng.
Det er nok ein samanheng mellom det å vere bekymra og det materielle i tilveret. Det er noko befriande og "bohemsk" med det. Det kan verke lettvidt, men Stanghelle trur ikke det er flosklar. Det er ein dobbelbodskap i dette. Det er ei sterk oppmoding om å sjå den åndelege dimmensjonen i tilveret og ikkje berre det materielle, seier Stanghelle.
Men på same tid som folk er opptekne av det materielle, så ser vi også at folk bryr seg. Det finst ei indre verd som ein oppdagar når ein berre søkjer henne, seier han.
Det kan synast som det er mange motstridane opplysningar i Bibelen, men slik er det ikkje, når ein berre ser etter, meiner Stanghelle.
Folk har nok bekyrma seg til alle tider. Anten det har vore frykten for krig eller det er bekymringane for det vi treng til eikvar tid. Det er nok noko evigvarande og alltid aktuelt, dette med bekymringar, seier han.
Kvar dag har nok med si eiga plage. Det er nok at vi taklar bekymringane i dag og ikkje legg inn på oss alt vi trur vil kome seinare.
Det hender at også kjenner at det buttar imot. Det skal mykje til om ikkje menneska kjenner det slik. Det er ein fundamental skilnad på bekymring og mismot. Det blir ofte forveksla, og da blir det gale, seier Harald Stanghelle.
Teksten er skriven for nett av Helge Helgheim.