Teksten er henta frå Mark. 13.
Eg har sloppe unna den forferdelege påkjenninga som heiter ......angst, men eg anar kva det dreier seg om. Alle menneske har vel vore i nærleiken, i korte augneblink ? kanskje etter ein draum eller i forbindelse med dramatiske hendingar i livet. Eller som barn.
Sjølv om ein veks opp i trygge, gode forhold, så har ein nærare kontakt med si eiga sårbarheit når ein er - liten. Det kan vere nyttig å minnest.
Dessutan kjenner eg ganske mange som må leve med angst som ein del av kvardagen. Det gjer alltid inntrykk å møte det og eg tenkjer ofte på det når eg forkynner. Eg veit at det er mange som finn trøst og tryggheit i bibelorda, men eg veit også at mange blir redde.
Dei skræmande orda er jo like sterke som dei trøstande, og fram mot advent er preiketekster og bibelleseplanar fulle av dom og fortapelse. Det har med kyrkjeåret å gjere. Julebodskapen kjem som det forløysande svaret, uti neste veke. Kyrkjeåret har sin eigen dramaturgi sånn. Den er ganske flott, når ein kjenner den.
Det er viktig å ha kontakt med si eiga sårbarheit. Derfor har eg eigentleg sans for å dvele litt i spenningar. Ikkje alltid kome med svara før ein har fordjupa seg i spørsmåla, sjølv om det svir litt. Men, eg har ikkje lyst til å sleppe deg ut i dagen med desse orda hengande der som eit vondt varsel:
Ver på vakt og vak! For de veit ikkje når tida kjem.?
...
?Lat han ikkje finna dykk
sovande når han brått kjem.
Det seier eg dykk,
det seier eg til alle:
Ver vakne!?
Eg er ikkje i tvil om at mange av oss burde vakne. Eigentleg trur eg heile velferdssamfunnet må igjennom ei ganske brutal oppvakning, dersom vi ikkje skal køyre oss heilt ut. Det var sikkert på Jesus si tid óg.
Likegyldigheit er inga ny oppfinning, sjølv om den ser ut til å ha nådd nye høgder i vår tid. For Jesus, som visste kva som stod på spel, var ikkje desse orda for sterke. Langt ifrå! Men, det var ikkje dette han sa til dei sjuke, eller til dei fattige, eller til dei redde.
For alt eg veit kan det hende du har lege vaken i heile natt. Kanskje du er ein av dei som ber på meir uro enn det som er berekna på eitt menneske. I så fall kan du overlate desse orda til oss andre. Vi har kanskje ikkje vond av å grunne litt meir på dei.