p1 Andakten 3_1
Her er du: NRK.no > Programmer > Radio > Andakten Sist oppdatert 13:17
 
Radioandakten i NRK fredag 1. november

Geir Gundersen: Hald ut!

Hald ut. Ein dag skal den Gud du ropar til, ikkje berre vere mottakar av din klage. Med eigne augo skal du sjå han som den som set deg fri, seier Geir Gundersen.

Publisert 01.11.2002 00:05. Oppdatert 13.11.2002 10:28.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Hjelp | Mer lyd og video
ALT OM:
Teksten er henta frå Job 19, 23-27.

God morgon!
Særleg ønskjer eg ein betre morgon for dei som har hatt ei dårleg natt og undrar på korleis dei skal kome gjennom dagen.

I Bibelen finst det ei heil bok med anklager mot Gud, med heftig protest mot alle fromme talemåter og drabeleg kamp mot dei som forsvarar Gud med slike talemåtar.

Boka heiter Jobs bok. Job kan ikkje forsone seg med sin lagnad. Han kan ikkje finne meining med sin sjukdom og sine tap. Svak er han, men sterk nok til å avvise venene – som, moderne sagt, gjerne vil hjelpe han til eit meir fruktbart syn på eigen situasjon.

"Vil de forsvare Gud med urett? Dei fyndord de talar, er som oske, og dei svar de gjev, held like lite som leire. Tei stilt og lat meg få tale. Eg vel den farefulle vegen, ja set livet på spel. Eg vil tale til Den Allmektige og forsvara meg mot Gud." (Job 13)

Så – kjære lyttarar! Må alle som treng det, følgje Jobs eksempel. Gå til Gud og seie i frå. Gå mot Gud og seie i frå. La ingenting hindre deg – og slett ikkje fromheit – i å stå fram for Gud med det som du kjenner og tenkjer.

Når du så, lik Job, har sagt alt, tala lavt og tala høgt, ropt og argumentert. Når du har gått den farefulle, men velsigna vegen det er å tale sant til Gud, - då kan det hende at du, lik Job, vil erfare at noko nytt skjer. Kan hende opnar eit nytt landskap seg, - du kjem ned til eit lag under klagen eller til eit punkt av tru inni klagen.

Slik Job gjorde. Før den ytre situasjonen endra seg, medan han enno var i mørke og anklage mot Gud, braut denne songen fram:

"Men eg veit at min utløysar lever og som den siste skal han stå fram av molda. Med mine eigne augo skal eg sjå han, eg sjølv og ikkje ein framand. Å, eg tærest bort av lengsle".

Eg veit at min utløysar lever. Kanskje er dette din song og? Kanskje ønskjer du at du kunne synge den. Kanskje er du ein heilt annan stad. Det får vere som det er. Medan du må stå i din eigen kamp, ta den med deg og flytt inn i forteljinga om Job.

Flytt inn i teksten med livet ditt. Hald ut. Ein dag skal den Gud du ropar til, ikkje berre vere mottakar av din klage. Med eigne augo skal du sjå han som den som set deg fri.

Vil du skrive e-post til Geir Gundersen, kan du gjøre det her.

Siste saker:

SISTE ANDAKTER

Flere andakter (arkiv fra 2001 fram til i dag)

 

Nettradio

Morgenandakt i opptak

10 SISTE ANDAKTER
Flere andakter
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no