p1 Andakten 3_1
Her er du: NRK.no > Programmer > Radio > Andakten Sist oppdatert 13:17
 
Radioandakten i NRK torsdag 31. oktober

Geir Gundersen: Stor tru

Er det slik at Gud berre kan gripe inn, redde, frelse, helbrede, når eit menneske opnar si eiga hjartedør? spør Geir Gundersen.

Publisert 31.10.2002 07:35. Oppdatert 13.11.2002 10:27.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Hjelp | Mer lyd og video
ALT OM:
Teksten er henta frå Luk 7, 1-10.

God morgon!
I dag møter vi ein Jesus som lar seg overraske stort. Han snur seg mot flokken som følgjer han: "Dette seier eg dykk, ikkje ein gong i Israel har eg funne så stor ei tru". Så stor ei tru. Kven er det som har ei slik tru at den vekker Jesu undring?

Ein som bokstaveleg tala er utanfor det gode selskap. Ein offiser frå den romerske okkupasjonsmakta. Offiseren har ein tenar som han elskar. No ligg tenaren for døden. I kampen for tenarens liv sender offiseren jødiske leiarar til Jesus for å be om hjelp.

Dei legg sin eigen gode vilje til mannens bøn, og Jesus blir med. Men på vegen blir følgjet stansa av denne bodskapen frå offiseren i Kapernaum: "Herre, gjer deg ikkje meir bry. Eg er for ring til at du stig inn under mitt tak. Eg er heller ikkje verdig til å koma til deg.

Men sei berre eit ord, så vert guten min god att!" Så stor ei tru, seier Jesus. Så forunderleg stor ei tru. Større enn eg har møtt hos nokon av mine egne. Då utsendingane frå offiseren kom heim att, fann dei tenaren frisk.

Kvifor legg Jesus slik vekt på tru? Kvifor utløyser tru slike helbredande krefter? Og kvifor er det så viktig for Jesus å understreke denne mannens tru: den overraskande store tru, den friske og audmjuka tru hos ein som står utanfor det religiøse (og nasjonale!) fellesskapet?

"Så vert dei verande desse tre", syng Paulus i 1 Kor 13; "tru, von og kjærleik. Og størst av dei er kjærleiken." Ja, kjærleiken er størst, men trua kjem først. Kvifor?

Er dette ein del av, ja kanskje sentrum i kjærleikens mysterium? At kjærleik vekker tru, og tru vekker kjærleik? Er det slik at Gud berre kan gripe inn, redde, frelse, helbrede, når eit menneske opnar seg, opnar si eiga hjartedør?

Er trua så viktig for kjærleiken? At den må respektere ei stengt dør og vente til den blir opna? Men gode Gud – er det også slik at kjærleiken kan få stengte dører til å opne seg?

Herre, der det er ope, gå inn.
Der det er stengt, opne opp.

Vil du skrive e-post til Geir Gundersen, kan du gjøre det her.

Siste saker:

SISTE ANDAKTER

Flere andakter (arkiv fra 2001 fram til i dag)

 

Nettradio

Morgenandakt i opptak

10 SISTE ANDAKTER
Flere andakter
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no