Radioandakten i NRK onsdag 30. oktober
Teksten er henta frå Matt. 21, 28-32.
God morgon!
I Dagbladet sitt laurdagsmagasin, i det sokalla Miniintervjuet, får alle intervjuobjekta dette spørsmålet: "Hvis himmelen fantes, hva ville du likt at Gud sa i det du ankom?" Interessant nok gir nesten alle eit svar av følgjande type: Deg har eg venta på – stig inn, bli med på festen!
Så høgt i kurs står altså ein tenkt himmel. Kva skal vi då seie om dagens Jesusord: Sanneleg, det seier eg dykk:
Tollarar og horer kjem før inn i Guds rike enn de!
Dette ordet finn vi inne i ei likning som Jesus fortalde til ein flokk religiøst engasjerte menneske for å få dei til å tenkje.
"Kva meiner de om dette", spør Jesus. "Det var ein mann som hadde to søner. Han gjekk til den eine og sa: Gå bort i vingarden og arbeid der i dag, guten min. Nei, eg vil ikkje, svara han. Men sidan angra han og gjekk.
Så gjekk faren til den andre og ba om det same. Ja, Herre svara han, men han gjekk ikkje. Kven av dei to gjorde det faren ville? Den første, svara dei. Då sa Jesus til dei: Sanneleg det seier eg dykk: Tollarar og horer kjem før inn i Guds rike enn de".
Ja, kva skal vi meine om dette? Kven og kva blir råka av dette ordet frå ein alt anna enn Milde Jesus? Det ligger nær å tenkje: der fekk dei, prestane og farisearane, alle som elskar å stenge folk ute. Slik plasserer vi oss trygt på denne andre ikkje-fariseiske sida, mellom dei som skal vinkast inn.
Det finst eit vanskelegare og betre alternativ: å høyre Jesu ord som eit ord til meg, høyre det og smake det, smake sanninga i det skarpe ordet adressert til meg, høyre det og smake det, be og leite og banke på Jesusordet til dei gode nyheitene opnar seg.
Til Døra opnar seg så eg får gå inn, saman med tollarar og horer i naken tru og tillit, fridd frå trangen til å gjere meg sjølv himmelklar på andre sin kostnad.
Vil du skrive e-post til Geir Gundersen, kan du gjøre det her.