p1 Andakten 3_1
Her er du: NRK.no > Programmer > Radio > Andakten Sist oppdatert 13:17
 
Radioandakten i NRK mandag 28. oktober

Geir Gundersen: Grip inn!

Eg satsar alt på deg, du som er god. Eg satsar alt på at du er god. Eg trur, hjelp mi vantru. Grip inn – for di eiga skuld, ber Geir Gundersen.

Publisert 28.10.2002 07:56. Oppdatert 13.11.2002 10:26.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Hjelp | Mer lyd og video
ALT OM:
Teksten er hentet fra Dan. 7, 15-19.

God morgon!
I dag let vi ein liten, stor profet – og eit sant menneske – kome til ordet. Profeten og mennesket Daniel. Han kjenner si livsoppgåve og vik ikkje utanom den. Han gjer seg til eitt med folket sitt. Han tek med seg si naud og skam og går inn i deira naud og skam. Han går beint fram for Guds andlet, vedgår skamma og ropar ut nauda:

"Min Gud, vend øyra til og høyr! Lat opp augo dine! For det er ikkje i tillit til våre rettferdige gjerninger at vi ber våre audmjuke bøner fram for deg, men i tillit til di store miskunn. Herre, høyr! Herre, tilgjev! Herre, gjev akt på vår bøn! Grip inn, dryg ikkje – for di eiga skuld, min Gud. Amen."

Ein klok munk har sagt: Den beste åndelege øving er å øve seg i sanning. Gå beint på sak og seie det som det er. Det er det profeten og mennesket Daniel gjer, og vi står fritt til å følge hans eksempel.

Den som vil ha Gud i tale, må ikkje kaste bort ord og tid med å gjere seg til. Gud er sanning og kjenner sanninga. Han er sanning og kjærleik, og han elskar at menneska øver seg i sanning. Eg seier: øver seg.

Den store og endelege sanninga høyrer Gud til. Å øve seg i sanning høyrer meg til. Eg kan øve meg på sanninga ved enkel, konkret og direkte tale om det som eg ser og kjenner, om det som eg har gjort, om det som er mi glede og mi naud, mi skuld og mine lengsler.

For meg sjøl og for fellesskapet eg er ein del av. Di sannare vi blir, di nærare kjem vi Gud som er sanninga. Og di sannare blir vår bøn.

Far, eg kjem til deg. Opne ditt øyre og dine auge. Her er mitt liv – som du kjenner. Her er mi skuld – som du kjenner. Her er mine djupe behov – som du kjenner.

Eg satsar alt på deg, du som er god. Eg satsar alt på at du er god. Eg trur, hjelp mi vantru. Grip inn – for di eiga skuld. Lat din vilje skje med meg – og med alt som du har skapt.
Amen.

Vil du skrive e-post til Geir Gundersen, kan du gjøre det her.

Siste saker:

SISTE ANDAKTER

Flere andakter (arkiv fra 2001 fram til i dag)

 

Nettradio

Morgenandakt i opptak

10 SISTE ANDAKTER
Flere andakter
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no