p1 Andakten 3_1
Her er du: NRK.no > Programmer > Radio > Andakten Sist oppdatert 13:17
 
Radioandakten i NRK fredag 9. august

Ingeborg Overvoll: Dei sterke sin rett

Gud angra heile skapinga når han ser for ein hersketrang som faktisk bor i mennesket. Han utslettar dei likevel ikkje, men han skil dei åt, for å unngå katastrofen, seier Ingeborg Overvoll.

Publisert 09.08.2002 07:37. Oppdatert 22.08.2002 10:15.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Hjelp | Mer lyd og video
ALT OM:
Teksten er henta frå Salme 133, 1.

Eg kjenner eg blir svært ærbødig når det blir snakk om urbefolkning. Eg får ei umiddelbar kjensle av at det handlar om menneske som har levd i fleire generasjonar. Menneske frå ei anna tid. Men, det er det no virkeleg ikkje. Dei er vanlege dødelege. Dei er på min alder. Det er historien som er ulik og kulturarven.

Men, den eldste historien av alle, den deler vi: historien om den sterkaste sin rett. Eg veit ikkje om ein skal kalle det historie eller om ein skal kalle det naturlov. Det spørs nok på perspektivet. Men, eg veit at den fins over alt denne nådelause logikken, at det er den sterkaste som overlever.

Noko av det handlar vel faktisk om framskritt, men mykje av det handlar utan tvil om råskap, makt og undertrykking. Eg trur ikkje det var tenkt slik frå opphavet av, - det er i alle fall ikkje nevnt som eit prinsipp i dei gamle skapelsesmytene og eg trur på den visdomen som fins der.

Eg trur desse mytene fortel om forholdet mellom menneska og Gud, sjølv om dei nok er sanne på ein annan måte enn for eksempel biologibøkene.

Etter skapingsfortellinga fortel ikkje det Gamle Testamentet akkurat historien om fred og forsoning mellom folkeslag. Du skal ikkje bla mange sidene i fyrste Mosebok før det er full krig. “Og sånn går no dagane…”, som dei seier her nordpå. Det er ikkje mykje fredsforhandlingar der i gården.

Det står til og med at Gud angra heile skapinga når han ser for ein hersketrang som faktisk bor i mennesket. Han utslettar dei likevel ikkje, men han skil dei åt, for å unngå katastrofen: bygginga av det store Babelstårnet, som skal gjere dei uslåelege og løfte dei heilt opp til himmelen.

Herren sa: Sjå, dei er eitt folk,
og alle har dei same tungemålet.
Dette er det fyrste dei tek seg føre.”

Det hjelper no berre sånn passeleg å skilje dei. Historien vidare er ei einaste lang fortelling om okkupasjon, krig og eksil. Det er vel strengt tala ikkje før Jesus kjem inn i bildet at hensynet til framande folk og framande kulturar i det heile teke blir eit tema. Han gjer det virkeleg til eit tema, men som så mange andre får også Han svi for det.

Eg kjenner sterkt på at noka belæring om fred og toleranse er det ikkje min jobb å kome med i dag, på urbefolkningsdagen. Anten eg no les frå det Gamle eller det Nye testamentet eller for ikkje å snakke om: talar på vegne av kyrkja, så er det lite å feire. Til dét er historien for brutal.

Men, der er ei enkel setning frå denne krigerske gamle tradisjonen, som eg likevel vil gje dykk, for den røpar ei undring over kor vakker freden og toleransen eigentleg er:

«Sjå kor godt og fagert det er
når brør bur fredeleg saman!»

Eg ynskjer dykk ein god dag i open undring over mangfoldet mellom menneska og kor godt og fagert dette mangfoldet er - til saman.

Vil du skrive e-post til Ingeborg Overvoll, kan du gjere det her.

Siste saker:

SISTE ANDAKTER

Flere andakter (arkiv fra 2001 fram til i dag)

 

Nettradio

Morgenandakt i opptak

10 SISTE ANDAKTER
Flere andakter
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no