p1 Andakten 3_1
Her er du: NRK.no > Programmer > Radio > Andakten Sist oppdatert 13:17
 
Radioandakten i NRK torsdag 8. august

Ingeborg Overvoll: Jesus gret

Det er viktig for meg at forholdet mellom Gud og menneska er varmt og levande på ein slik måte at eg kan kjenne det igjen og forstå i alle fall litt av den kjærleiken som dreiv han til korset og døden, seier Ingeborg Overvoll.

Publisert 08.08.2002 07:42. Oppdatert 22.08.2002 10:16.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Hjelp | Mer lyd og video
ALT OM:
Teksten er henta frå Lukas 19, 41-48.

Då Jesus kom nærare og såg byen gret han over han og sa: “Hadde du berre visst, du og, på denne dagen kva som tener til din fred!”

Det har vore felt uendeleg mange tårer over Jerusalem. Heile historia er full av det. Til og med Jesus gret når han såg innover denne byen. Til og med han virka nesten - rådlaus. Det skræmer meg.

Det er alltid urovekkande når nokon som ein tiltrur stor makt og visdom, byrjar å gråte. Då er det alvor. Jesus sine tårer er, i det heile teke, noko av det som berører meg mest i heile det Nye Testamentet.

Kanskje rører det slik det er fordi gråt er eit språk vi forstår bedre enn vi vil innrømme. Det er den uttrykksforma vi får i voggegåve. Vi treng ikkje å lære det; det ligg der i utgangspunktet. Etter kvart lærer vi oss å kontrollere den til ei viss grad.

Gråten kjem berre når vi blir overmanna og mistar kontrollen i sorg, sinne - eller glede. Derfor blir eg veldig berørt av at Jesus gret. Eg blir uroleg og forlegen over dette at Gud blir overmanna av det han ser blant menneska. Eg skjemmest rett og slett, over kva vi har stelt i stand.

Når ein les mykje i Bibelen og er vant til å høyre Guds ord forkynt, så trur eg at ein på eitt vis venner seg til det. Det er godt og rett å ha stor kjærleik og tillit til dei gamle orda, men av og til trur eg óg at ein kan byrje å ta ein del ting for gitt. Vi som lever så lenge etter at det hende, vi veit jo at Jesus var sterkare enn døden og at det gikk bra til slutt.

For meg er Jesus sine tårer viktige. Dei er viktige for å minne meg om at han ikkje berre var ein opphøgd frelsar. Han var også eit sant menneske.

Det er viktig for meg at forholdet mellom Gud og menneska er varmt og levande på ein slik måte at eg kan kjenne det igjen og forstå i alle fall litt av den kjærleiken som dreiv han til korset og døden. Eg kan forstå at Jesus gret over Jerusalem.

Det er dei som står oss nærast som oftast kallar fram tårer, anten det handlar om sorg eller glede. Når menneska kallar fram Guds tårer, då blir eg stille og eg skjemmest, men samtidig kjenner eg ein stor, stor lettelse.

For det betyr at Gud ikkje berre er god mot menneska av suveren og overbærande nåde. Vi står han nok veldig, veldig nær.

Vil du skrive e-post til Ingeborg Overvoll, kan du gjere det her.

Siste saker:

SISTE ANDAKTER

Flere andakter (arkiv fra 2001 fram til i dag)

 

Nettradio

Morgenandakt i opptak

10 SISTE ANDAKTER
Flere andakter
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no