Det skjedde i de dager - lørdag 15. juni
Eg er ikkje så sterkt personleg engasjert i dei bibelske forteljingane, men når eg høyrer dei, ser eg at det finst mykje livsvisdom i dei.
Det seier leiaren i Politiets Fellesforbund, Arne Johannessen. Han er gjest i "Det skjedde i de dager" hos Helge Gudmundsen.
Dei kristne normene er gode levereglar som vi burde vere meir opptekne av. Det kjem også fram i den forteljinga dei tek utgangspunkt i, - nemleg det store kjærleiksbodet. Det handlar om å gjere vel mot og elske nesten vår like mykje som oss sjølve.
Det gjeld å elske fiendane og gjere vel mot dei som hatar oss. Vi skal vere miskunnsame, sa Jesus.
Dersom vi hadde levd etter dette, hadde vi hatt eit utruleg godt samfunn. Da ville eg og alle kollegaene mine ha vore arbeidslause, meiner han.
Men dessverre har vi ikkje eit så godt samfunn. Det er på ein måte også skræmande. For det er ikkje berre å snu det andre kinnet til, og det er vanskeleg å leve opp til det, seier Johannessen.
For oss i politikvardagen, som skal møte alle menneske i ulike livssituasjonar, så er det eit mål for oss å handsame alle likt - med same respekt. Dette enda om kvardagen vår er vorten vanskelegare og meir utfordrande, legg han til.
Det er mange konfliktar med oppløysing i samfunnet. Særleg gjeld dette dei unge, og vi er nøydde til å gå inn i problema - ofte for å vere den vaksenkontakten dei treng eller det er å setje grenser. I mange samanhengar blir vi saman med lærarar og andre yrkesgruper som jobbar med ungdom, dei som blir den sosiale kontakten, og vi spelar ei sosial rolle, seier han.
Dette blir vanskelg for oss også, når vi samstundes skal vere dei som skal vise til rette og gi dei "straff". Uansett skal vi ha respekt for alle menneske, og same kor ille folk har stelt seg i livet, skal vi møte dei med same respekt.
Det gjeld ordføraren eller den narkomane. Ja, til og med dei verste lovbrytarane og dei som drep, skal vi møte med den respekt deira menneskeverd krev, seier talsmannen for dei som jobbar i politiet. Det betyr ikkje at vi aksepterer det dei har gjort!
Det ligg utruleg mykje livsvisdom i at "det du vil at andre skal gjere mot deg, skal du gjere mot dei". Det er ei setning eg ofte tenkjer på og prøver å følgje. Eg har brukt det overfor mine eigne barn, i opplegg når eg besøkjer skolane og for å førebyggje kriminalitet. Det er alt for mange i dag som ikkje har respekt for andre menneske.
Desse verdiane prøver eg å halde oppe også i debatten i det offentlege rom. Eg har delteke i mange debattar, men ingan har sagt til meg at eg er ein rassist. Arne Johannessen har på grunn av at han behandlar alle på same måte, fått mange gode ord også frå våre nye landsmenn.
Uansett må vi respektere ulike standpunkt og få fram fakta. Dei skikkelegaste vi har, er innvadrarjentene. Dei største utfordringane vi har er at alt blir generalisert og tobloidisert. Det kan bli for enkelt, men får vi fakta på bordet, kan vi gripe tak i problema for å finne ei løysing, seier Arne Johannessen.
Teksten er skriven av Helge Helgheim.